Ingen kur i sikte for mRNA-vaksineskade-pandemien

S.D. Wells i Natural News rapporterer:

Lat oss fyre i gang med det faktum at Bedragar-Fauci visste om skrekkelege skadar som fann stad under dei kliniske forsøka til mRNA-sprøyta. Om der berre fanst ein vaksine som kurerte folk for vaksineskade-pandemien. For det burde det definitivt delast ut ein Nobel-pris. Det er dokumentert at meir enn 36 000 amerikanarar no lid av ein bråte med øydeleggjande biverknader saman med ein progredierande nevrologisk tilstand forårsaka av mRNA-sprøyta. Denne vaksineskade-pandemien skjer med alle merke av dei mRNA-genmuterande injeksjonane. Dersom du eller ein av dine kjære har fått helsa øydelagt av Fauci-influensa-sprøytene, gå til react19.org for vitskapsbasert støtte for folk som lid av langtidsbiverknader av covid-19-vaksinen. Der kan du registrere skaden din og ta del i forskinga for å finne ein kur mot PPS – piggproteinsyndrom – som feiar over nasjonen og verda i skrivande stund.

mRNA-vaksineskade-pandemien herjar på kloden akkurat no

Fleire titals tusen (om ikkje fleire hundre tusen som enno ikkje har stått fram) er no ute av stand til å arbeide eller ta seg av familien fordi dei stolte på Big Pharma, og lét seg injisere med ein genendrande «teknologi» som skulle beskytte dei mot det lab-samankokte gain-of-function-viruset kjent som covid-19 eller «koronavirus». No lid dei av Lang-vaksine-syndrom.

Vi snakkar ikkje om mindre, kortvarige biverknader eller «uventa hendingar» slik som opphovning på injeksjonsstaden, kløe og utslett, hovudverk eller influensa-liknande symptom. Desse menneska som lid av piggproteinsyndrom kan ikkje ein gong mosjonere fordi hjarta deira strevar slik med å pumpe blod raskt nok gjennom systemet at det kjennest ut som dei skal få hjarteinfarkt, og mange gjer det; tallause har døydd på denne måten. Dette inkluderer folk som var friske som fiskar før sprøyta, atletar på verdsnivå, militærmedlemmer, legar, pilotar og helsebevisste konsumentar.

Big Pharma (det vaksineindustrielle komplekset) veit dette, og det er grunnen til at dei har inngått samarbeid med Big Government for å skape lover som hindrar vaksineskadde menneske og familiar til dei vaksine-utrydda å gå til søksmål mot vaksineprodusentane. Regjeringa leier dykk i staden til deira falske front med namnet «Countermeasures Injury Compensation Program» (CICP) [«kompensasjonsprogram for mottiltaksskade»], som avviser meir enn 97% av alle søkjarar utan so mykje som eit snev av medkjensle.

Vaccine Injury Compensation Modernization Act

Vent, fordi det er håp. Vaccine Injury Compensation Modernization Act [«lov om modernisering av vaksineskade-kompensasjon»), òg kjent som H.R.5142, tilbyr ei løysing til denne tilsynelatande blindgata. Denne lova adresserer etterslepet av saker og aukar kompensasjonstaket som har vore der i nesten fire tiår. […]

Piggproteinsyndrom er særs komplekst, sidan det har ein konstellasjon av sterke symptom som hemmar fleire kritisk viktige kroppssystem som alle arbeider saman. Mange offer for vaksineskade-pandemien opplever alvorlege nevrologiske problem, fordøyingsproblem, komplikasjonar i hjarte- og karsystemet (frå gummiaktige proppar som nanopartiklane dannar i blodårene), hjerneskadar, skade på dei fem sansane, og det som blir kalla «turbokreft», på grunn av den raske, sjeldne progresjonen av svulstar som var små, på veg vekk eller hadde forsvunne før sprøytene.

mRNA-vaksinane vekkjer bokstavleg tala opp kreft, og dette er til og med ifølgje adm.dir. i Pfizer, i tillegg til å ha blitt sett av kreftlegar over heile verda. Folk lurer på kvifor nervane, cellene og immunforsvaret deira blir angripe, men der finst ei enkel forklaring.

mRNA-sprøytene narrar menneskecellene til å produsere millionar av mikroskopiske, giftige partiklar som imiterer eit dødeleg, framandt virus. Desse partiklane spreier seg gjennom kroppen, til vitale organ, hjernen, livmora, tarmsystemet, og dei matar kreftceller.

Det menneskelege immunforsvaret responderer naturlegvis ved å gå til åtak på desse framande partiklane som er overalt. Med andre ord går der føre seg ein konstant kjemp-eller-flykt-krig i kroppen, og det trøyttar ut kvart einaste system, noko som forårsakar kronisk, alvorleg betennelse, sjukdom, patologiske tilstandar og ein tidleg død.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget