Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå nettstaden The Exposé:
Det skal godt gjerast å opne ei avis eller gå inn på ei nyheitsnettside i våre dagar utan å finne ein artikkel som fremjar kor godt det er å døy. Eutanasi (òg kjent som «legeassistert sjølvmord») er like moteriktig i dag som munnbind med søte, nusselege mønster var for nokre år sidan. Der går føre seg ein diger kampanje i Storbritannia for å tvinge Parlamentet til å røyste over ei lovendring som skal gjere eutanasi lovleg. Og liknande kampanjar eksisterer overalt i verda i land der eutanasi ikkje er tillate.
Mytane blir fremja med entusiasme av kjendisar, journalistar og politikarar. Å ta livet av deg sjølv, hevdar dei, er den einaste ansvarlege tingen å gjere dersom du har ein sjukdom som påverkar di mentale eller fysiske helse. Å drepe deg sjølv vil spare deg for smerte, vil spare slekta di for smerte, frigjere helsetenester og hjelpe til med å redde planeten.
Men den andre sida av argumentasjonen går aldri på lufta.
Og sanninga er ganske so annleis.
Eutanasi er ein essensiell del av Great Reset (og oppgåva som er å redusere storleiken på den globale befolkninga, ei oppgåve som er so høgt elska av konspiratørane). Og alt handlar om å spare pengar og hjelpe oss å gå inn i «Net Zero» [«netto-nullutslepp»].
Som dr. Jack King viser i si viktige bok They Want To Kill Us – Here’s How and Why, er ikkje eutanasi effektivt og smertefritt. Ting går ofte gale – noko som skaper enorm fortviling og ubehag hjå pasientar og familie. Eutanasi er på den andre sida ein billeg måte å unngå å bruke pengar på lindrande behandling. Helsefasilitetar lid allereie av mangel på midlar sidan dei jobbar hardt for å tvinge oss til å akseptere «legeassistert sjølvmord» som det einaste alternativet.
I land der eutanasi er lovleg (og fordi det er del av planen om å ta oss til Great Reset, er eutanasi naturlegvis eit globalt fenomen), «hjelper» dødslegar og deira assistentar folk til å drepe seg sjølve fordi dei er fattige, funksjonshemma, eldre eller rett og slett ulykkelege og utilfredse med liva sine. Til og med barn får lov til å ta livet av seg dersom dei kjenner seg ulykkelege. Ver so snill og les dette om igjen. Eutanasi blir brukt som ei juridisk orsaking for å drepe fattige, funksjonshemma og ulykkelege. Evidensen i boka til dr. King vil skremme vatnet av deg.
Eutanasi er ein essensiell del av planen om å drepe so mange av oss som mogleg. Det har ingenting å gjere med god medisinomsorg. Ingen anstendig lege burde ha noko som helst med det å gjere. Legar er meint å redde folk – ikkje drepe dei. […]
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.
