Hovudstraumsmedia hjelper Big Pharma med å promotere høgprofitable vekttap-injeksjonar

Cassie B. i Natural News melder:

Hovudstraumsmedia har lenge blitt brukt til å reklamere for og støtte den farmasøytiske industrien, og alle som nokosinne har tvilt på at dette er tilfellet, tok beviseleg feil utifrå måten media handterte covid-19-vaksinane. No er «løysinga» dei prakkar på massane vekttap-legemiddelet Ozempic og andre av den typen, og nesten akkurat som vaksinane, gjer dei sitt beste for å dekkje over dei farlege biverknadene.

Fleire hovudstraumsmedie-formidlarar har køyrt artiklar om Ozempic, der dei ikkje berre skryter over dette injiserbare diabetes-legemiddelet sine fordelar når det gjeld vekttap, men òg peiker på andre påståtte fordelar, slik som eit klipp på NBC som hevda at det kan redusere risikoen for kreft. [Klippet er utilgjengeleg i vår del av verda, pussig nok; oms.komm.]

Det dei ikkje snakkar i nærleiken so mykje om, er dei skremmande biverknadene til desse sokalla vekttap-«mirakela», men det burde ikkje vere overraskande når ein ser på kor tungt farmasiselskap reklamerer i hovudstraumsmedia. Ingen som jobbar for desse formidlarane ville i sine villaste fantasiar ha skrive noko som risikerer å støyte selskapa som bidreg til å betale lønninga deira.

Dr. Guy Hatchard, ein forkjempar for naturmedisin med ein doktorgrad i psykologi, kom nyleg med kritikk av konsernmedia for denne praksisen, og fokuserte på ein leiarartikkel i The New Zealand Herald med tittelen «Wellington company director Finlay Thompson loser 30kg taking Ozempic, wants medication funded».

Artikkelen, som er skriven av ein ung journalist ved namn Ethan Manera, diskuterer korleis nemnde selskapsdirektør gjekk ned 66 pounds [nesten 30 kilo] medan han tok del i eit USA-basert klinisk forsøk av legemiddelet, og dermed fekk det gratis. Når forsøksperioden nærmar seg slutten, ber han staten å subsidiere legemiddelet for han sjølv og andre som treng å gå ned i vekt. I Thompson sitt tilfelle kan han rett og slett ikkje kontrollere matinntaket sitt, og har mislykkast fleire gonger tidlegare å gå ned i vekt.

Derimot, medan artikkelen pressar staten til å betale for legemiddelet, nemner den ikkje prisen på det: 1550 dollar [newzealandske tilsvarer over 10 000 norske kroner; amerikanske tilsvarer over 17 000 kroner; oms.an.] for ein månads forsyning. Når ein tek med i betraktninga at ei spørjeundersøking i 2021 avdekte at ein tredjedel av vaksne i New Zealand var overvektige, er reknestykket tydeleg: Dersom regjeringa i landet finansierte Ozempic for alle dei 1,35 millionane som treng det, vil det koste dei nesten heile deira nasjonale helsebudsjett, som er på 25 milliardar dollar.

Media ignorerer farane ved vekttap-legemiddel

Eit anna viktig aspekt med legemiddelet som artikkelen overser, er farane. Fleire studiar har knytt det til forstyrringar i tarmsystemet og gallesteinar. Mange har opplevd gastroparese, eller lamming av magen, sidan legemiddelet får tømminga av mageinnhaldet til å gå saktare [reduserer truleg den sokalla peristalsis, tarmrørslene; oms.komm.], noko som får pasientar til å kjenne seg mette. Blokkering av tarmen og andre problem har òg blitt rapporterte.

Endå meir alarmerande er det at enkelte nylege funn peiker på ein langtidsrisiko for dødelege kreftformer slik som kreft i bukspyttkjertelen og skjoldbruskkjertelen, so vel som diabetisk retinopati, som kan føre til blindheit.

Artikkelen lèt i tillegg galant vere å nemnde at ni av ti menneske som tek legemiddel som Ozempic og Wegovy sluttar tidleg med dei på grunn av dei negative biverknadene – ei heller gjekk den nærare inn i at folk har rapportert at dei har mist evna til å kjenne glede, og opplever depresjon og sjølvmordstankar medan dei går på desse medisinane. Dette er noko som visseleg ikkje vil bli løyst av å slutte med legemiddelet, sidan mange rapporterer at overvekta vender tilbake so snart dei sluttar å bruke legemiddelet.

Dei som lagar legemiddel kjem til å tene mykje pengar på desse injeksjonane, og talet sjukeleg overvektige menneske i verda gjev dei ein gigantisk kundebase som kan hjelpe dei å sjå same mengdene profitt som sist gong dei brukte media til å villeie folk, nemleg under «pandemien». Dette tydar at vi kjem til å sjå mange fleire einsidige artiklar som skryter over den dramatiske effekten legemiddelet har når det gjeld vekttap, medan dei ignorerer tryggare og langt meir effektive tilnærmingar som ingen profitterer på, noko som vil leggje overvektige lagleg til for endå fleire helseproblem.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Slankesprøyta Wegovy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals milliardar i året på den», publisert 5.desember 2023, og «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024.

Kommenter innlegget