Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
I nærleiken av fiskebanken Pikkeskallen i Hjeltefjorden ligg ein båt og flyt i vatnet. Det er den nye fritidsbåten til Fritz, kompisen til Morfin-Mona sin eksmann Arve. Han er med i båten der dei sit med kvar si fiskestong og ein boks pils. Aust og nord for dei er Askøy, sør for dei er Litlesotra og vest for dei er Store Sotra. Vêret er nydeleg, men særs varmt. Sola steikjer nådelaust frå skyfri himmel, det typiske sommarvêret i Noreg i juli månad.
«Takk for at du inviterte meg på fisketur,» seier Arve i det han tek ein lang slurk frå ølboksen. Ein kjølebag står i gripeavstand.
«Eg måtte kome meg vekk frå fastlandet,» seier Fritz, som drikk like lenge frå sin eigen boks. «Altfor varmt og altfor mykje brøling.»
«Brøling? Driv naboane dine og går på fylla no i fellesferien?»
«Dei driv med noko. Ein skulle nesten tru dei har klikka heile gjengen. Roping og bråk til alle døgerets tider, og full musikk ut av det blå midt på høglyse dag.» Fritz ristar på hovudet. «Det er nok varmen som går dei til hovudet.»
«Skulle tru det var fyrste gong det var sommar her i landet.» Arve humrar i det sølvgrå skjegget, som glinsar lett av ølskum. «I dag tidleg såg eg ein av nabokarane i hagen sin – naken.»
«Naken? Har han blitt pælma ut av dama?»
«Dei krangla høglytt i heile natt, so det er nok sannsynleg. Helvetes folk. Eg måtte til slutt finne fram øyreproppane. Eg har i all beskjedenheit eit lager av dei. Eg delte jo husvære med ein snorkar i alle år.»
«Ja, når ein snakkar om sola… Lever ho enno?»
«Ho er framleis på Sandviken, ja. Utruleg nok.»
«Kor lenge skal ho vere der? Har ho fått nokon diagnose?»
«Dei held ho der under den der paragrafen som…» Han tenkjer seg om. «Du veit, Fritz, den dei bruker når dei vil halde nokon der på ubestemt tid.»
«Ah, den dei bruker på konspirasjonsteoretikarar og urindrikkarar?»
«Den, ja.» Arve flirer, før han tømmer i seg ølboksen. «Faen, kor godt det var med frisk havluft! Eg var på Folk & Røvere i helga, og eg trudde eg skulle daue!»
«Drakk du so mykje?» Fritz opnar ein ny ølboks. Arve gjer det same.
«Nei, men det var jo varmt som i ei badstove! Betjeninga gjekk omtrent nakne der inne! Den lurvete hasjaugeblondina i baren hadde knapt nok tildekt brystvortene og fitta!»
«Jentene likar å vise seg fram om sommaren. Dottera mi hadde truleg blitt anmeldt for blotting om ho hadde vore mann!» Fritz blæs medan han ristar på hovudet.
«Ja, der er mange ekshibisjonistar og narsissistar der ute – av begge kjønn. Takkar faen for at Pride er over for i år!»
Brått bryt ein diger jævel av ein hai vassflata berre nokre meter frå båten. Dei to karane skvett til. Haien er vill i blikket og frodar rundt kjeften. Det svære havdyret forsvinn under vatnet like fort som det dukka opp.
«Inni helvete!» utbryt Arve. «Kva i alle dagar var i vegen med den haien? Den var jo rabiat! Kan haiar få rabies?»
«Hmm, det er truleg ein av desse ‘kokainhaiane’ som dei har skrive om i media den siste tida.»
«Hæ? Har haiar byrja å ta kokain no? Er dei fysisk i stand til å snorte kokain i det heile?»
«Det er noko skit hovudstraumsmedia serverer folk for å skremme dei frå å reise til havs og fiske. Det handlar om kontroll. Verda skal gjerast farlegare enn den er, slik at folk held seg heime i sine 15-minuttsbyar der dei kan bli totalovervaka akkurat som sauer i ei kve.» Fritz flirer.
«Ja, desse hersens løgnarane. Og det med Trump. Attentatforsøk, og heile venstresida godtar seg. Akkurat slik dei godta seg då Hans Gaarder tok kvelden for nokre år tilbake. Det er nesten som om dei meiner at meiningsmotstandarar fortener å døy.»
«Maken til intoleranse skal ein leite lenge etter. Ein skulle tru dei var ei sekt, slik som Smits venner, Jehovas vitner eller Document.»
Dei to mennene skvett til i det nok ein «kokainhai» bryt overflata, denne gongen litt lenger vekke. Dyret er i fyr og flamme, truleg sterkt rusa og oppgira av dette livsfarlege gatedopet som på mystisk vis har hamna i havet.
«Svarte faen, desse dyra er jo farlege!» utbryt Arve. «Tenk om eit av desse forvillar seg opp i båten! Det kan jo gå kroppsdelar med – og vi kan misse ølet vårt på sjøen!»
«Eg trur vi skal tenkje på å fare i land. Der er jo ikkje ein einaste fisk å få. Ikkje so mykje som ei lyr.»
«Trur du kokainhaiane har skremt dei vekk?»
«Garantert. Fjorden er jo steindaud.» Fritz byrjar å sveive opp snøret til fiskestonga. Arve gjer det same.
«Vil du tilbake til det kvelande, trykkjande fastlandet igjen, altso?» spør han. Han trekkjer på skuldrene. «Gjerne for meg. Det er i det minste ingen rabiate haiar på land. Berre rabiate nabokarar som spring nakne rundt i hagen og brøler medan sommarpenisane struttar.»
«Herre min hatt, Arve, vil du få meg til å spy?»
Akkurat då bykser ein kokainhai opp i båten til dei to. Arve gaular til medan Fritz nesten fell over ripa. Haien glefsar frodande rundt seg med ville auge medan den veivar med finnene og sporden. Ein diger haipenis struttar.
«Dæven, sjølv haiane har sommarpenis no!» utbryt Arve.
«Ta dreggen og slå han i hel!» remjar Fritz.
Arve reagerer på instinkt, grip dreggen og dryler til haien i skolten so blodspruten står. Dyret ligg der steindaudt.
«Okay, ser ut som vi fekk fangst likevel,» seier Fritz.
«Er ikkje haiar freda?» spør Arve og tørkar blod av dreggen.
«Drit i det, Kystvakta har ikkje vist seg i heile Vestland fylke i sommar. Dei har visst alvorleg personalmangel på grunn av ‘long covid’.» Fritz startar motoren. «Lat oss kome oss vekk før vi blir angripne av fleire haiar. Denne båten greier sovidt vekta av eitt av desse svære beista.» Båten byrjar å gli gjennom vatnet. «Ta ein presenning og legg over haien so ingen ser den!»
Arve gjer som han får beskjed om. Snart er båten på veg inn fjorden mot den kvelande varme Bergenshalvøya.
So fort båten er på avstand, bryt eit nytt vesen vassoverflata. Det er den mystiske ungjenta med den svarte våtdrakta og det vakre, glitrande perlekjedet. Ho har eit oppskjørta, men oppgira uttrykk i det raude ansiktet. Bak ho dukkar ein vill, frodande hai opp med sin enorme sommarpenis. Ho snur seg mot han med eit smil og ville, oppsperra auge. So snerrar ho leikent til han. Haien kastar seg over den flirande, sprengkåte jenta, og dei to forsvinn under havoverflata igjen.
