Niamh Harris [ikkje i slekt!] på nettstaden The People’s Voice melder:
Ein video som nyleg dukka opp på sosiale media viser visepresident Harris tale ved Reading Area Community College i september 2023, som del av «Fight For Our Freedoms»-college-turneen.
InfoWars rapporterer: Harris snakkar om sokalla «klimaangst» blant unge amerikanarar, og fryktar at det å få barn er ein umoralsk ting å gjere på grunn av klimaendring.
«Eg har høyrt unge leirarar snakke med meg om ein terminologi dei nyleg har skapt ved namn ‘klimaangst’, som er frykt for framtida og det ukjende, og om det i det heile teke gjev meining for dykk å so mykje som tenkje på å få barn,» sa visepresidenten.
Det korte klippet vart lagt ut på Twitter av Donald Trump Jr., og til og med delt og kommentert av ymse påverknadsrike figurar, inkludert Donald Trump senior sin kampanjekompis J.D. Vance.
«Det er nesten som om desse folka ikkje vil at unge skal stifte familiar eller noko sånt. Verkeleg underleg materiale,» skreiv Vance på X.
Vance har møtt kritikk frå kommentatorar og hovudstraumsmedia sidan han vart valt ut av Trump, for kommentarar han kom med om «barnlause kattekvinner» og antydingar om at skattesatsen burde favorisere barnefamiliar. Vance har gjeve svar på tiltale og kalla Demokratane for «anti-barn» og «anti-familie».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som meiner kattar stundom er betre selskap enn menneske. Iallfall om menneska er narsissistar og/eller psykopatar.
