Nettstaden YourNews rapporterer:
Dei som har organisert 2024-olympiaden i Paris bad om orsaking til kristne for ei framføring under opningsseremonien som mange følte gjorde narr av Nattverda – dette i eit forsøk på å adressere motbøren og fremje forståing.
Organisatorane av dei olympiske leikane i Paris 2024 har kome med ei orsaking etter omfattande kritikk av ei kontroversiell framføring under opningsseremonien som parodierte Leonardo da Vinci-måleriet «Nattverden». Innslaget, som hadde som mål å feire mangfald og samfunnstoleranse, inneheldt drag queens og ein skodespelar forkledd som Dionysus, den greske vinguden, noko mange kristne opplevde som djupt fornærmande.
Anne Descamps, talsperson for Paris 2024-komiteen, adresserte motbøren under ein pressekonferanse. «Tydeleg var der aldri ein intensjon om å vise manglande respekt overfor noka religiøs gruppe. [Opningsseremonien] prøvde å fremje samfunnstoleranse,» sa ho. «Vi trur at denne ambisjonen vart oppnådd. Dersom folk følte seg støytte, er vi verkeleg lei oss.»
Den katolske kyrkja i Frankrike var spesielt tydeleg rundt problemet, og fordømte framføringa som ein hån av kristendommen. Monsignor Emmanuel Gobilliard, ein delegat av biskopane i Frankrike for Leikane, rapporterte at enkelte franske atletar fekk søvnproblem på grunn av utfallet av kontroversen.
Erkebiskop Charles Scicluna frå Malta, ein høgtrangert katolsk tenestemann og representant for doktrinekontoret til Vatikanet, tok kontakt med Frankrike sin ambassadør for Valletta [hovudstaden på Malta; oms.an.] for å uttrykkje kor forferda han var. I ei melding delt på X, skildra Scicluna innslaget som ei «unaudsynleg fornærming» av kristne og avslørte si «fortviling og store skuffing over fornærminga mot oss kristne under opningsseremonien… då ei gruppe drag-artistar parodierte Nattverden til Jesus.»
Trass at Frankrike har sterk tradisjon for sekularisme og ytringsfridom, inkludert at blasfemi er lovleg, vart framføringa møtt med betydeleg mangel på godtaking. Støttespelarar av tablået lovpriste deira inkluderingsbodskap, men organisatorane erkjende behovet for å adressere dei såra kjenslene det skapte i det kristne samfunnet.
Fyrstedame Jill Biden, som leia den amerikanske delegasjonen til Olympiaden, lovpriste opningsseremonien, og kalla den «spektakulær», trass at striregn gjorde atletane søkkvåte. Biden la vekt på utfordringa Los Angeles har i å overgå det Paris viste fram når byen skal vere vert for Dei olympiske leikane i 2028. «Regnet gjorde ikkje sjelene våre tunge til sinns… Kvart steg av vegen tenkte eg for meg sjølv, ‘å herre gud, å herre gud. Korleis skal vi kunne overgå dette?’» sa ho i ei melding.
No når Leikane held fram, går fokuset tilbake til atletane og konkurranseånda som definerer leikane. Paris 2024-organisatorane håper orsakinga deira vil skape forståing og late verda setje pris på arrangementet si feiring av global eining og det beste innan sport.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
