Trump: Kamala Harris som president vil føre til Tredje verdskrig

Russia Today (RT) rapporterer:

Om Kamala Harris skulle vinne det amerikanske presidentvalet, vil «større krigar» i Midtausten og «kanskje ein tredje verdskrig» bryte ut, hevdar tidlegare president og noverande Republikanar-presidentkandidat Donald Trump. Trump har gjentekne gonger skulda Harris og president Joe Biden for å hale USA mot ein global konflikt.

I ein tale i forkant av eit møte med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu fredag [26.juli 2024], lovde Trump at Israel/Hamas-konflikten ville «løyse seg svært raskt» dersom han fekk kome tilbake til Det kvite huset.

«Dersom vi ikkje gjer det, kjem de til å ende opp med større krigar i Midtausten,» heldt han fram. «Og kanskje ein tredje verdskrig. De er nærare ein tredje verdskrig akkurat no enn noko som helst anna tidspunkt sidan Andre verdskrig. Vi har aldri vore so nærme fordi vi har inkompetente folk som styrer landet.»

Trump har kome med liknande skuldingar mot Biden og Harris sidan Ukraina-konflikten byrja i 2022. Den tidlegare presidenten har hevda at konflikten aldri ville ha byrja dersom han sat med makta, og lovde å få Moskva og Kiev til forhandlingsbordet «på 24 timar» dersom han blir valt i november.

Netanyahu møtte Trump i den tidlegare presidenten sin residens Mar-a-Lago i Florida, ein dag etter å ha møtt både Biden og Harris i Washington. I ein samtale med journalistar etter å ha møtt den israelske statsministeren ansikt til ansikt, sa Harris at ho «uttrykte overfor statsministeren mi alvorlege bekymring over omfanget av menneskeleg liding i Gaza, inkludert dødsfalla til altfor mange uskuldige sivile».

Kommentarane til Harris skulle visstnok ha gjort Netanyahu sint, og ein av assistentane til den israelske leiaren sa til Axios at visepresidenten var langt mindre kritisk under møtet.

Trump var ein iherdig alliert av Netanyahu under tida si i Det kvite huset, og innførde sanksjonar mot Iran etter krav frå Netanyahu, flytta den amerikanske ambassaden i Israel til Vest-Jerusalem, og fekk forhandla fram Abraham-avtalane, der Israel normaliserte relasjonane sine med Bahrain, Dei foreinte arabiske emirat, Marokko og Sudan.

Derimot surna dette forholdet etter at Netanyahu gratulerte Biden med valsigeren over Trump i 2020. «Eg har ikkje snakka med [Netanyahu] sidan den gong,» sa Trump til den israelske journalisten Barak Ravid seinare det året. «Faen ta han.»

Før Trump og Netanyahu omfamna kvarandre i trappa til Mar-a-Lago fredag, sa Trump til Fox News at Israel må avslutte krigen sin i Gaza «raskt», sidan «dei blir utraderte av denne publisiteten, og de veit at Israel ikkje er særleg gode på offentlege relasjonar.»

Tidlegare denne veka gjekk den tidlegare presidenten ut på sosialmedieplattforma si Truth Social for å dele eit brev han fekk frå Mahmoud Abbas, president for Den palestinske styresmakta, som ønskte Trump «styrke og tryggleik» etter attentatforsøket på han tidlegare denne månaden. «Takk. Alt kjem til å bli bra,» svarte Trump til Abbas. Det at Trump delte brevet blir av enkelte spaltistar sett på som ein måte å få eit overtak på Netanyahu.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget