Dokumentar frå Stop World Control: Vil den globale eliten gjere slutt på menneskeheita?

Ein lesar tipsa nyleg Saksyndig om ein dokumentar laga av nederlendaren David Sörensen på nettstaden Stop World Control. Det er for tida problem å kome seg inn på nemnde nettstad på grunn av det Sörensen kallar eit åtak på både han og opplysingsprosjektet hans. Den svenske nettstaden Vaken har heldigvis delt dokumentaren. Dei skriv (omsett frå svensk av Saksyndig-redaktøren):

«Denne kraftfulle dokumentaren viser korleis verdsleiarar fremjar erstatning av menneskerasen med robotar og KI.

Frå skildringa til filmen:

‘Visste du at det finst ein offisiell agenda for å erstatte menneskerasen med robotar, cyborgar og KI? Denne agendaen blir marknadsført flittig av World Economic Forum. Planen deira er å gjere slutt på æraen til menneskeheita og innleie ein ny æra av neo-menneskelegheit, der menneske er ei blanding av menneske og maskin. Dei seier til og med at tankane og kjenslene våre kjem til å bli overvaka av KI for å bekjempe klimaendringane. Er det den verda du ønskjer for deg og barna dine?

Å avslutte menneskeheita for å ‘redde planeten ‘?

Mange av oss har sett dei populære science fiction-filmane om robotar som tek over verda og utryddar menneskeheita. Men det få veit er at dette er nøyaktig det som blir førebudd av dei globale leiarane. Det er det dei marknadsfører, utviklar, finansierer og etterspør, over heile verda.

Globalistane hevdar til og med at dette er den einaste måten å redde jorda frå total kollaps. Om vi ikkje lèt menneskeæraen gå inn i neo-menneskelegheita er verda fortapt, meiner dei. Eit av argumenta deira er at menneske er årsaka til klimaendringane, og må difor bli erstatta med kunstige alternativ for å ‘redde planeten’.

Denne verdsomfattande reformasjonen blir kalla ‘Den fjerde industrielle revolusjonen’, og har som mål å digitalisere alle aspekt av livet på jorda.’»

Nemnde dokumentar kan sjåast her.

Kommenter innlegget