ReMix News rapporterer:
Kriminalitetsraten til nordafrikanarar skyt endå høgare til himmels i Tyskland, der marokkanarar og tunisiarar no er ansvarlege for eitt drap kvar sjette dag i snitt. Derimot har andre alvorlege brotsverk, inkludert overfall, knivstikking og valdtekt, òg eksplodert, og den tyske venstre-liberale regjeringa er vitne til ein utruleg auke i brotsverk, men nektar likevel å deportere gjerningsmennene.
Samanlikna med 2019 har mordsaker som involverer tunisiarar auka med 110%, og 67% for marokkanarar. I fjor utførde ein tunisiar eller marokkanar eit mord kvar sjette dag i Tyskland, ifølgje data frå Det føderale kriminalpoliti-kontoret.
Når det gjeld seksualbrotsverk slik som valdtekt, er denne gruppa av nordafrikanarar endå meir overrepresentert i kriminalitetsdataa. Talet alvorlege seksuelle fornæringssaker slik som valdtekt gjekk opp med 169% for tunisiarar mellom 2019 og 2023, medan marokkanarar såg ein auke på 65% i same periode, ifølgje ein reportasje frå avisa Bild.
Når det gjeld overfall og ran, var borgarar frå desse to nordafrikanske nasjonane ansvarlege for i alt 6746 brotsverk i 2023, noko som tilsvarer 19 tilfelle per dag. Denne gruppa av utlendingar er òg notorisk for å gå til åtak på politibetjentar, der talet slike tilfelle har dobla seg sidan 2019.
Talet av tjuverisaker som involverer marokkanske mistenkte steig frå 2900 i 2019 til 5501 saker i 2023, og blant tunisiarar med so mykje som 176% til 3881 saker i 2023.
Dei einaste ekte tala som ser nokon som helst nedgang, er relatert til deportasjonar. I 2019 vart 319 tunisiarar og 696 marokkanarar deporterte til heimlanda sine. I 2023 fall desse tala til 273 tunisiarar og 272 marokkanarar – trass at brotsverk frå desse gruppene har skote til himmels, og trass at eit aukande tal menneske frå desse to landa kjem til Tyskland.
Problemet har mykje å gjere med den sitjande regjeringa, der Dei grøne nektar å kalle desse to landa, som er velkjende turistdestinasjonar for tyskarar, for «trygge land». Tyskarar, og til og med desse innvandrarane sjølve, fer rutinemessig på ferie til desse nasjonane.
Sjølv ultravaldelege og kriminelle innvandrarar frå desse landa kan bli verande i Tyskland i årevis utan noko potensiale for deportasjon. Som ReMix News rapporterte førre veke, har ein marokkansk innvandrar utført godt over 100 brotsverk dei siste ti åra – og trass ein ståande deportasjonsordre og fleire opphald i fengsel – har han aldri blitt deportert tilbake til heimlandet. Berre denne månaden [juli] utløyste han fire politioperasjonar på 24 timar.
(Sjå òg «Den verste kriminelle innvandraren i Tyskland? Éin asylsøkjar terroriserer småby», publisert 27.juli 2024.)
Trass dei talrike asylsøknadene frå desse nasjonane, er raten av saker som blir aksepterte som reell politisk forfølging nær null prosent. Mesteparten av dei er i røynda økonomiske migrantar som reiser gjennom fleire trygge land for å dra nytte av det tyske sosialvelferdssystemet. I mange tilfelle har desse landa inga interesse av å ta tilbake kriminelle som kan forårsake alvorlege problem i vertnasjonen sin.
Kriminalitetsraten har ikkje berre eksplodert for desse to gruppene: Den utanlandske befolkninga i Tyskland generelt har teke med seg ei uhorveleg mengd kriminalitet. I 2023 var der ein rekordandel av utanlandsk kriminalitet i dataa, der 41% av alle brotsverk vart utført av utlendingar. For alvorlege brotsverk som valdtekt og mord, utgjorde utlendingar 6 av 10 brotsverk.
(Sjå òg «Innvandrarkriminalitet når nye rekordnivå i Tyskland», publisert 16.april 2024.)
Det er viktig å merkje seg at tysk statistikk ikkje fortel heile historia heller, sidan mange av morda blir utført av tyske borgarar som eigentleg er av utanlandsk opphav og har blitt naturalisert som tyske borgarar. Til dømes har hovudpåtalestyresmakta i Berlin uttala at tre av fire innvandrar-klanmedlemmer faktisk har tysk statsborgarskap. Som eit resultat, blir kvart brotsverk som blir utført av desse gjengmedlemmene av politiet registrert som eit brotsverk utført av ein tyskar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
