EU-medlem åtvarar Vesten om å ikkje «brenne bruer» med Russland

Russia Today (RT) rapporterer:

Den austerrikske utanriksministeren Alexander Schallenberg åtvarar mot å «ghoste» [ignorere] Russland når det gjeld fredsforsøk for å løyse Ukraina-konflikten, og insisterer at alle kommunikasjonskanalar burde bli brukte.

Kommentarane frå diplomaten kom etter at EU-tenestepersonar fordømte besøket som den ungarske statsministeren Viktor Orbán hadde i Russland tidlegare denne månaden, som del av hans Ukraina-«fredsoppdrag».

«Ein kan ikkje brenne alle bruer… Ghosting fungerer ikkje i utanrikspolitikken. Eg er ein realist og eg må handtere verda slik den er, og Russland er vitterleg del av den,» sa Schallenberg til den austerrikske kringkastaren ORF sundag [28.juli 2024].

Førre månad var Sveits vert for toppmøtet «Fred i Ukraina», som Russland ikkje var invitert til. Arrangementet fokuserte på Ukraina-leiar Vladimir Zelensky sin «fredsplan» for å gjere slutt på konflikten, som krev at Russland trekkjer seg ut av alle territorium som Kiev hevdar er sine eigne. Planen har blitt avvist av Moskva for å vere fråkopla røyndommen.

Schallenberg la til at der finst «kommunikasjonskanalar» med Russland, og insisterte at dei må brukast.

Austerrike er ein EU-medlem, men er ikkje medlem i NATO [landet grensar ikkje til Atlanterhavet, eller noko anna hav; oms.komm.]. Som Ungarn erklærte Wien i fjor at dei ikkje kom til å sende våpen til Ukraina, noko som gjekk i mot trenden som elles er i EU. Schallenberg utelukka førre veke òg å sende austerrikske militærinstruktørar til Ukraina.

I mars snakka den austerrikske kanslaren Karl Nehammer mot ideen om å bruke profitt frå russiske aktiva som er frosne i EU til å skaffe våpen til Ukraina.

I intervjuet sitt sundag hevda Schallenberg òg at Russland ikkje viste vilje til å ta del i «seriøs dialog», som han sa gjer det viktig å involvere land slik som India, Brasil og Kina i samtalar «fordi dei kan ha meir påverknadskraft på Moskva enn andre».

Under sitt kontroversielle fredsoppdrag besøkte Orbán òg Kina, som lenge har insistert på ei diplomatisk løysing på Ukraina-konflikten. Beijing sendte ikkje ein delegasjon til konferansen i Sveits i juni, trass at dei var invitert.

Russland har gjentekne gonger sagt at dei er open for dialog om Ukraina. Dei har derimot påpeikt at alle samtalar om forhandlingar er poenglause med mindre Zelensky avskaffar ei lov som forbyr Kiev å forhandle med den noverande leiarskapen i Moskva.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget