Ung mann råka av alvorleg sjukdom og DØD etter å ha teke covid-19-«vaksinen» til Pfizer

Lance D Johnson i Natural News melder:

Ein 23 år gammal college-student frå Nashville i den amerikanske delstaten Tennessee leid ein pinefull død etter å ha teke Pfizer-BioNTech sin covid-19-vaksine. Foreldra hans, Andy Lieffring og Kimberly Aveyah har valt å stå fram. Historia deira er i sin heilskap publisert i «The People’s Study» av Children’s Health Defense.

Trent Lieffring, ein lovande ung student med ei lys framtid, fekk to dosar av Pfizer-BioNTech covid-19-vaksinen i 2022, som biologiprofessoren hans tilrådde. Professoren hans hevda at det å ta vaksinen var eit borgarleg ansvar. Trass reservasjonane familien hans hadde, og deira eiga bekymring om den raske utviklinga av vaksinen, og trass at sprøytene var totalt unaudsynlege, so valde Trent å likevel ta dei to dosane – med to og ein halv månads mellomrom.

Ung mann råka av blodproppar, hjartestopp og hjerneskade som førde til vegetativ tilstand

Fyrst såg Trent ut til å vere i god helse. Derimot, rundt åtte til ni månader etter den fyrste dosen, vart han råka av hjartestopp forårsaka av den plutselege danninga av blodproppar. Denne medisinske naudssituasjonen førde til hjerneskade og alvorleg funksjonshemming som ikkje kunne gjerast betre av legar. Tilstanden hans vart raskt verre, og resulterte i at han tilbrakte det som var igjen av livet i ein vegetativ tilstand, før han til slutt gjekk bort 24.august 2023.

I eit kjensleladd intervju med CHD TV sitt program «The People’s Study», la foreldra til Trent ut i detalj om den tragiske rekkja av hendingar. «Trent trong ikkje den [vaksinen], men han tok til seg den samtalen [frå sin biologiprofessor] og gjekk og tok vaksinen,» sa Kimberly. Etterpå skjedde det som Lieffring-familien skildra som ei plutseleg og sjokkerande forverring av helsa til Trent. Ifølgje kjærasten til Trent, kom han heim ein kveld med høg feber og var særs oppkava. Neste morgon hadde han svima av.

Då Trent fekk hjartestopp greidde ambulansepersonell å gjenopplive han, men då hadde allereie betydeleg hjerneskade funne stad på grunn av oksygenmangel. Trass omfattande testing, var legar ute av stand til å definitivt avgjere årsaka til den plutselege helsekrisa, sjølv om blodproppar vart funne i beinet hans.

Då foreldra hans kom til sjukehuset, låg deira tidlegare friske son i respirator, med «slangar overalt» og «hovudet i bandasjar», hugsa Kimberly. Andy og Kimberly kritiserte det medisinske samfunnet for å fyrst mislykkast i å erkjenne noka tilknyting mellom tilstande til Trent og covid-19-vaksinen. «Kvar gong vi tok opp temaet vaksinasjon, covid… heldt alle liksom kjeft,» sa Andy. Legar fokuserte på å behandle symptoma til Trent utan å adressere vaksine-tilknytinga.

Trent var nesten ein månad på sjukehuset før han vart overført til ein delstatsstyrt [offentleg] sjukeheim fordi han ikkje hadde helseforsikring. Trass dei utfordrande forholda sat familien ved hans side, og kjempa for betre omsorg. Seinare, då Medicare-dekning [forsikring] vart godkjent, kunne Trent vende tilbake til sjukehuset, for so å bu heime sine siste månader, der han fekk fysioterapi og logopedi.

Pfizers covid-19-vaksine erkjent som dødsårsak på dødsattesten til Trent

I sine siste dagar hamna Trent under lindrande behandling. Familien strevde med denne avgjerda, men hadde ikkje mange alternativ sidan galleblæra hans slutta å fungere. «Han responderte på smerte og lydar og slikt som kjem frå hjernestammen, desse basiske funksjonane,» sa Kimberly. «Men det er vanskeleg å seie om nokon i vegetativ tilstand ser at du er der eller ikkje. Stundom trudde vi at han var det. Og so då ting vart verre… eg føler det som om han ikkje visste at vi var der.»

Frå derav gjekk det raskt nedover, og han svann hen i løpet av dei neste ni dagane. Etter at han hadde gått bort, vart familien overraska over å sjå covid-19-vaksinen som bidragsfaktor på dødsattesten til Trent. Dei trur at sjukepleiarane som var involvert i den lindrande behandlinga, etter å ha sett liknande saker, valde å liste det opp som dødsårsak basert på deira eigne observasjonar. Det stod i dødsattesten spesifikt at «anoksisk hjerneskade på grunn av kardiopulmonær stopp med gjenoppliving på grunn av reaksjon på covid-vaksinasjon».

Vaksinebiverknader er ikkje sjeldne når dei skjer med din eigen familie. Dei blir ei svært ekte oppleving av traume og sorg. Elleve månader etter at sonen gjekk bort, sa faren hans: «Det går ikkje ein einaste dag… utan at dette ikkje treffer deg som eit mursteinslass. Nokre gonger kjennest det ut som hjartet ditt skal eksplodere. Han kunne ha blitt ein fantastisk far.»

Etter kvart som medisinske samfunn byrjar å erkjenne vaksinebiverknader og -dødsfall, har der dukka opp ei kald innsjåing av at vaksineindustrien slepper unna med mord. Per juli 2024 er covid-19-vaksine-boosterane framleis på marknaden i USA. Sprøytene er framleis del av barnevaksinasjonsprogrammet til CDC, trass tilknyting til epilepsi, myokarditt, alvorleg allergisk sjokk, blindtarmbetennelse og død. Databasar i det delstatlege helsedepartementet held fram å inkludere vaksinasjonsstatus for covid-19-vaksine, og tilrår at barn held fram med å få dei.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget