Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse melder:
Åtte menneske har blitt arrestert etter machete-slagsmål i gatene i Southend i Essex berre 40 miles [64,3 kilometer] aust for sentrale London. Minst éin person vart knivstukken, der den lokale representanten Bayo Alaba (parlamentsmedlem) bekreftar «Der er enkelte som er på sjukehus med temmeleg alvorlege skadar.»
Opptak frå sjøbyen, ein av dei tettast befolka områda i England, viser fleire slagsmål mellom menn med innvandrarbakgrunn som bruker langblada knivar, ofte medan barn er til stade. Enkelte av dei såra måtte evakuerast i luftambulanse.
Reform Party-leiar Nigel Farage, som nyleg vart valt til parlamentet som representant for Clacton-on-Sea, ein annan by ved sjøen i Essex, kommenterte «Landet vårt blir øydelagt, verdiane våre knuste og folket er på randa av opprør.»
Han kan ha vist til ei separat urohending i Southport, Merseyside, der ein såg samanstøyt mellom politi og opprørarar i går som respons på at ein 17-åring identifisert som sonen til afrikanske migrantar valde seg ut barn som mål i ein masseknivstikkingsepisode.
Den mistenkte, som styresmaktene ikkje gjev namnet på på grunn av alderen, valde seg ut som mål ein Taylor Swift-tema-dans og yogaklasse for unge barn, drap tre og påførde andre kritiske skadar. To kvinnelege instruktørar og ein mann i 60-åra som greip inn vart òg såra.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
