Om du trudde Biden var ille, vent på president Kamala

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

På berre to kjappe minutt øydela utfordraren til 2024-presidentvalet Robert F. Kennedy Jr. heile den politiske karrieren til Kamala Harris ved å rett og slett avsløre den katastrofale plattforma hennar.

So ille som Joe Biden enn har vore, er Kamala eit kapittel for seg, og ho har mykje verre ting i vente for USA enn marerittet Biden var i stand til å sleppe laus i sine 42 månader (tre og eit halvt år) i Det kvite huset.

For det fyrste har Kamala planar om å forby all frakturering og offshore-boring i USA. Dette vil skape ei energikrise som er mykje verre enn den noverande, der bensin- og naturgassprisar når hittil usette nivå.

I staden for å støtte likeverdige moglegheiter for alle slik det står i Grunnlova, har Kamala vigd seg til å skape «likeverdige utfall for alle». Og ho planlegg å oppnå dette ved å utvide storleiken på Big Government og pengebruken deira til endå høgare tal.

Medan mange land i Europa tilbyr skattepengefinansiert helseomsorg for sine skattebetalande borgarar, ønskjer Kamala å tilby «gratis» helseomsorg og bustader for dei fleire titals millionane av ulovlege innvandrarar som held fram med å overfløyme nasjonen utan stans eller kontroll.

Videoen der RFK Jr. viser Kamala kor skapet skal stå, kan sjåast her.

(Relatert: Om Biden ikkje hadde gjennomført lovnaden om å ikkje trekkje seg med mindre Gud bad han om det, hadde Demokratane planar om å sleppe laus eit «smotthol» av opprør for å tvinge han ut av valkampanjen.)

Kamala vart ein gong vurdert som «den mest liberale» senatoren i Kongressen

Når det gjeld Kamala handlar alt om falsk flagg-bløffar som Big Government bruker i tide og utide for å forpurre dei grunnlovsfesta rettane til amerikanarane medan dei dekonstruerer det sivile samfunnet. Desse inkluderer falsk flagg-hendingar slik som Jussie Smollett, George Floyd, Charlottesville-skytinga, «Biden er frisk», Russiagate og meir.

Som mesteparten av forgjengarane sine, er Kamala ein krigshauk som ønskjer meir smerte og liding på andre sida av Atlanteren, slik at Wall Street kan håve inn rekordprofitt. Ho støttar i tillegg Black Lives Matter (BLM), «kutt midlar frå politiet»-rørsla [engelsk Defund the police movement], DEI (diversity, equity, inclusion [«mangfald, utfallslikskap, inkludering»], og andre tiltak for etnisk reinsing av kvite som blir ført fram av venstresida.

På eitt punkt i tida vart Kamala vurdert som «den mest liberale» senatoren i Kongressen, som forklarer kvifor ho ønskjer å fylle Høgsteretten opp med venstreekstremistar som ønskjer å skape lov i staden for å tolke den slik det står i Grunnlova.

Akkurat no har Kongressen ei temmeleg stor vegsperring, filibusteren, som blokkerer sine mest ekstreme medlemmer frå å vedta radikalt lovverk. Kamala ønskjer å avskaffe filibusteren fullstendig slik at amerikansk politikk kan vri seg mykje meir mot venstre endå lettare.

Andre negative punkt på plattforma til Kamala inkluderer det faktum at ho er ein klimaendringsfanatikar som ønskjer at staten skal avgrense mengda raudt kjøt som amerikanarar et fordi kyr bidreg til «global oppvarming», insisterer ho.

Second Amentment står òg på kuttelista til Kamala, sidan retten til å bere våpen er ein alvorleg trugsel mot Demokratar, sidan dei følgjer ei radikal forvandling av amerikansk kultur som skal få den til å likne meir på deira eigne doktrinar og dogme.

På mange måtar representerer Kamala det verste som venstreekstreme politikarar slik som Biden, Alexandria Ocasio-Cortez (AOC), California-guvernør Gavin Newsom og andre driv og pushar, både i sine eigne delstatar og i heile nasjonen.

«Kamala Harris er ikkje endringa som veljarane ønskjer fordi ho lover inga endring i det heile,» skreiv ein uavhengig medieformidlar om situasjonen. «I det minste er ho ærleg. Biden lovde å vere ein moderat og ein lækjar. Korleis fungerte det

«Stem på meg, eg er dum, men ærleg. Hmmm, vil det kunne fungere? Av ein eller annan grunn tviler eg på at det er bodskapen veljarane ønskjer å høyre.»

Kven trur du vil bli den neste herskaren i USA?

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget