Nettstaden The National Pulse rapporterer:
Ein kunstig intelligens-assistent (KI) utvikla av Meta, foreldreselskapet til Facebook, hevda uriktig at tidlegare president Donald J. Trump ikkje vart skoten i juli, noko som er drivstoff for venstreorienterte konspirasjonsteoriar om attentatforsøket på Trump. Meta-adm.dir. Mark Zuckerberg kalla Trumps umiddelbare reaksjon etter å ha blitt skoten som «skikkeleg tøff» og inspirerande, ei melding som går imot bodskapen til KI-assistenten til selskapet.
I eit blogginnlegg tysdag [30.juli 2024] tilskreiv Meta sin leiar for globale retningslinjer, Joel Kaplan, KI-feilen til tendensen den har til å «hallusinere», ein terminologi brukt internt i industrien for å skildre generasjonen av falsk informasjon. «Som alle generative KI-system, kan modellar sende ut uriktige eller upassande resultat, og vi vil halde fram med å adressere desse problema og forbetre desse trekka medan dei utviklar seg og fleire deler tilbakemeldingar med oss,» hevda Kaplan.
Meta valde å undertrykkje KI-assistenten si evne til å kome med informasjon om hendinga som involverte Trump som ein reaksjon på massiv kritikk. Facebook sensurerte tidlegare det ikoniske biletet av Trump som rettar neven i vêret etter å ha blitt skoten i Butler, Pennsylvania, og stempla det feilaktig som eit redigert/endra bilete.
Meta er ikkje åleine i å streve med unøyaktig KI. Google møtte òg motbør for at deira eigen KI ikkje greidde å handtere nyheiter om attentatforsøket, noko som førde til påstandar om sensur. Brukarar skreiv tidlegare denne veka at Google-søk om informasjon om attentatforsøket på tidlegare president Trump nekta å autofullføre [at det kjem opp søkjeforslag når ein byrjar å skrive ein frase; oms.komm.].
Tech-milliardær og X-eigar Elon Musk antyda, ein tanke ironisk, at det kanskje berre er eit samantreff at leiarar i foreldreselskapet til Google, Meta, er topp-donorar til Demokratane.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
