15 000 ukrainarar flyktar til Ungarn på grunn av krigen

«Liz» på nettstaden ReMix News melder:

Ifølgje reportasjar frå National Police Headquarters (ORFK) til MTI via Magyar Nemzet, kom 7406 personar inn i Ungarn via den ungarsk-ukrainske grenseseksjonen torsdag [1.august 2024], medan 8014 personar som kryssa den rumensk-ungarske grensa, erklærte til styresmaktene at dei kom frå Ukraina.

Blant dei som vart tekne inn utstada politiet mellombelse opphaldsløyver, som er gyldige i 30 dagar, til 88 personar. I løpet av den tida må dei besøke kontoret til Den nasjonale direktoratgeneralen for immigrasjon, for å få offisielle dokument på opphaldet sitt.

På same tid har Magyar Nemzet òg rapportert at Zelensky planlegg å skatteleggje ukrainske borgarar og føretak for å halde fram med å finansiere krigen. Dette fell dei ukrainarane som framleis er i landet tungt for brystet.

Av ei befolkning på vel 38 millionar i 2022, har visstnok 6,5 millionar rømt frå landet på grunn av Russlands aggresjon per februar 2024. IOM Hungary rapporterer at 4,2 millionar ukrainarar har reist gjennom Ungarn, der berre 65 000 flyktningar har blitt verande i landet per slutten av januar 2024, ifølgje ACAPS.

Sidan fleirtalet av flyktningar er kvinner og barn, har vedvarande vernepliktsforsøk av den ukrainske regjeringar resultert i at mange menn òg prøver å flykte – og Zelensky støttar til og med verneplikt i heile EU for dei som har gjort det.

Der er òg rapportar om ukrainarar som vender tilbake til heimlandet, men den vedvarande valden og dei nye skattetiltaka vil nok få mange til å vegre seg for å reise heimatt.

Føretak har forståeleg nok gått i harnisk over eit utkast til den nye skattelova som vart lagt ut i juli. Til og med USA har gjeve landet råd om å kanskje i staden gå til handling mot tapte inntekter på grunn av skatteunndraging og korrupsjon relatert til den grå marknaden til Ukraina.

Det amerikanske handelskammeret [Chamber of Commerce] har til og med kome med ei melding, som sitert av Politico: «AmCham Ukraina trur fullt og heilt at kjelda for ekstra skatteinntekter ligg i å motverke skatteunndraging og sikre like reglar for alle, ikkje auke skattane til legitime skattebetalarar som allereie dreg det tyngste lasset.»

Den ukrainske finansministeren, Sergii Marchenko, har openbert insistert at alle andre ressursar har blitt «prøvd ut fullstendig». Meda  regjeringa òg skal ta opp lån for tre fjerdedelar av dei 12 milliardar dollarane av ekstra midlar dei treng, må resten kome frå høgare skattetrykk på folk og føretak.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget