Det amerikanske utanriksdepartementet nektar å kalle IDF si GJENGVALDTEKT av ein ulovleg fanga palestinar for krigsbrotsverk

Richard Brown i Natural News rapporterer:

Det amerikanske utanriksdepartementet har nekta å kategorisere valdtekta av ein ulovleg fanga palestinsk fange av israelske soldatar i fangeleiren Sde Teiman som eit krigsbrotsverk.

Al Quds-journalist Said Arikat spurde ut Innanriksdepartementstalsmann Vedant Patel om hendinga. Fangen, som fekk alvorlege skadar i endetarmen, vart overført til eit sjukehus og skal visstnok ha fått so alvorlege skadar at han ikkje kunne gå.

Hendinga samsvarer med meir generelle skuldingar om misbruk i Sde Teiman, ein fasilitet som av israelske varslarar og tidlegare palestinske fangar tidlegare vart skildra som ein åstad for utbreidd tortur og mishandling.

Arikat spurde Patel om slike rapportar – om valdtekt, tortur og drap i israelske fangeleirar – burde bli sett på som krigsbrotsverk.

Patel svarte: «Rapportane om mishandling er djupt urovekkjande. Vi har konsekvent kommunisert til Israel og IDF at alle fangar må bli behandla humant og med verdigheit jamfør humanitær lov.»

Han la til at USA har intensjon om å late «rettsprosessen» gå sin gang når det gjeld dei involverte israelske soldatane. (Relatert: Berre eit mislykka amerikansk imperium kan vere so blinde at dei hyllar Netanyahu og hans folkemord.)

Då han vart pressa at Arikat om bevist mishandling kan klassifiserast som eit krigsbrotsverk, svarte Patel: «Eg er ikkje ein juridisk ekspert. Eg førestiller meg at det ikkje vil samsvare med israelsk lov.»

Arrestasjonen av dei israelske soldatane som er skulda for valdtekt har vekt betydeleg kontrovers og protestar i Israel.

Høgreekstreme aktivistar og medlemmer av det israelske Knesset eller parlamentet, inkludert ein medlem av koalisjonen til statsminister Benjamin Netanyahu, har gått til forsvar for soldatane og har til og med prøvd å argumentere at det burde vere lovleg å seksuelt misbruke palestinarar.

FN-kommisjonen skuldar Israel for å utføre krigsbrotsverk i Gaza

Ein ny rapport frå ein FN-støtta uavhengig kommisjon skulda det israelske militæret for å utføre krigsbrotsverk i Gaza.

Navi Pillay, leiar i Independent International Commision of Inquiry on the Occupied Palestinian Territory [«den uavhengige internasjonale kommisjonen for undersøking av det okkuperte palestinske territoriet»], presenterte nyleg funna til FNs råd for menneskerettar.

Rapporten hevdar at Israels bruk av tunge våpen i tett folkesette Gaza var eit «internasjonalt og direkte åtak» på sivile, bidrog til tvinga hungersnaud, utrydding og alvorleg mishandling. Den slår òg fast at israelske styrkar tok del i seksuell og kjønnsbasert vald, med mål om å audmjuke og vidare undertrykkje palestinarar.

Pillay kritiserte israelske operasjonar for å mislykkast i å oppnå sine fastslegne mål – øydeleggje Hamas og frigjere gissel – til den prisen at tusenvis av liv gjekk tapte. Kommisjonen fann mønster for seksuell vald utført av israelske styrkar, og skreiv liknande former for misbruk mot palestinske kvinner og menn.

Rapporten sette òg søkjelys på ein forverrande situasjon på den okkuperte Vestbreidda, der vald mot palestinarar har skote i vêret. Medan kommisjonen fordømte handlingane til Hamas og andre palestinske væpna grupper 7.oktober, har dei òg lagt vekt på at begge sider har utført krigsbrotsverk.

Israelske åtak sidan 7.oktober har resultert i over 38 000 dødsfall i Gaza, der 40% er barn, ifølgje lokale helsekjelder. Rapporten, FN sin fyrste djuptgåande gjennomgang av konflikten sidan starten på den noverande krigen, adresserer òg effekten på helseomsorg og utdanning i Gaza.

Pillay klaga over at den israelske regjeringa nekta tilgang til kommisjonen, som har hindra ei full etterforsking av situasjonen. Funna til kommisjonen, som inkluderer omfattande dokumentasjon og anneks [tillegg] om handlingane til begge sider, kan påverke framtidige juridiske prosessar og vestleg politikk mot Israel.

Den palestinske ambassadøren Ibrahim Khraishi takka kommisjonen for rapporten og fordømte israelske handlingar som del av ein «folkemordskrig». På møtet til rådet hadde Israel med ein emosjonell tale frå mora til eit gissel i Gaza, der ho bad om støtte mot gisseltaking og utnytting.

Menneskerettsadvokat Toby Cadman indikerte at medan rapporten kanskje ikkje straks vil endre israelsk åtferd, burde den påverke framtidige juridiske handlingar og føre til at ein tenkjer seg om når det gjeld vestleg støtte til Israel.

Sjå dette klippet som diskuterer korleis Netanyahu risikerer borgarkrig med medlemmer i sin eigen koalisjon dersom han straffeforfølgjer israelske militærmedlemmer som går til seksuelt åtak på ulovleg fanga palestinarar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget