Har Gud hemna seg på nattverdparodien? Seinen er full i MANNSKIT!

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Kontroversen rundt opningsseremonien til Dei olympiske leikane i Paris har ikkje døydd ut heilt enno, og organisatorane står allereie overfor nok ei audmjuking no når triatlon-atletar førebur seg på å symje i vatn i Seinen som er infisert med menneskeavføring.

Vasskvaliteten var so elendig at det individuelle triatlon-racet for menn måtte utsetjast. I ei pressemelding sa organisatorane: «Paris 2024 og World Triathlon gjentek at deira prioritet er helsa til atletane. Testane som vart utført i Seinen i dag avslørte vasskvalitetsnivå som ikkje gav tilstrekkjeleg garanti til at arrangementet kunne haldast.»

Organisatorane legg skulda for situasjonen på dei store nedbørsmengdene over helga, som typisk fører med seg ein nedgang i vasskvaliteten, men den motbydelege stoda til vatnet har vore ei kjelde til bekymring sidan lenge før leikane starta.

Faktisk har det vore ulovleg å symje i Seinen i hundre år, so det var overraskande at dei erklærte at dei hadde som intensjon å halde symjearrangement der i fyrste omgang. Tydelegvis var organisatorane meir interesserte i å «brife med» byen sin enn å beskytte helsa til eliteatletar frå heile verda.

Dei brukte 1,5 milliardar dollar på å reinse vatnet, og ordføraren i byen, Anne Hidalgo, tok seg ein dukkert i vatnet tidlegare denne månaden, visstnok for å vise at ho var sikker på at vatnet var trygt.

Sjølv om eit nytt basseng for lagring av regnvatn som var meint å formilde vassureiningsproblema greidde å hindre 40 millionar liter kloakk og regnvatn frå å strøyme i Seinen etter regnet i helga, har E.coli-nivåa skote til himmels, og låg på rundt 2000 CFU/100mL der racet skulle starte, Alexandra III-brua. Dette er det dobbelte av nivået der vasskvaliteten er god nok for World Triathlon sine standardar.

Når E.coli-nivåa går forbi 1000 CFU/100mL, må symjedelen av triatlonen bli avlyst under konkurransereglane, med mindre ein organisasjon sin medisinske komité vurderer det som godtakande å halde fram. To dagar på rad med øvingar vart avlyste, noko som tyda at dei potensielle konkurransedeltakarane ikkje kunne førebu seg på det som typisk er ein av dei mest utfordrande delane av ein triatlon i det som for mange er den største sportskonkurransen i livet deira.

E.coli kan føre til ei rekkje helseproblem

Dr. Nicole Iovine, som er spesialist på smittsame sjukdommar ved Universitetet i Florida, sa til AP: «Problemet er alltid verre når det regnar, fordi det so å seie overveldar røyra, og du får òg alt spillvatnet frå gatene. Alt dette endar opp i Seinen. Dei har gjort mykje for å prøve å forbetre vasskvaliteten. Men sanninga er at du alltid er prisgjeven Moder Natur.»

Sjølv om dei fleste stammar av E.coli er sett på som harmlause, kan enkelte vere ekstremt farlege, og å innta berre ein munnful vatn kan vere nok til å forårsake diaré, oppkast og infeksjonar i tarmane og urinvegane.

Det er underhaldande å observere korleis organisatorane ser ut til å vere avhengig av Guds godvilje for å få vatnet til å samarbeide, i det håp at temperaturane og solfylt vêr vil hjelpe E.coli-nivåa med å gå under den tillatne grensa for at symjinga kan byrje.

Etter måten dei gjorde narr av ein heilag augneblink i kristendommen, Nattverden, der drag queens representerte Jesus og apostlane i opningsseremonien, er det interessant å sjå at dei plutseleg no blir avhengige av ei høgare makt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget