Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:
Ein dødeleg afrikansk svinefeber, som utgjer ein alvorleg trugsel mot britisk landbruk, er på veg til Storbritannia ifølgje ein leken statleg rapport.
Den hemmelege rapporten sa òg at det er sannsynleg at viruset vil kome innan nokre månader.
Åtvaringa frå Kabinettkontoret sin COBR Unit Alert kjem etter at hamne-helsetenestepersonar åtvara at dei «knapt nok såg toppen av isfjellet» når det gjaldt ulovleg svinekjøt som kom inn i landet via Dover.
Dei åtvara òg at det kunne utslette grisefarmar.
MSN rapporterer: Lucy Manzano, leiar for hamnehelse og offentleg vern ved Dover District Council, sette fokus på dei alvorlege implikasjonane dersom sjukdommen når britiske strender: «Dersom den landar her, vil det resultere i britiske avlivingsprogram og forbod mot eksport. Det vil absolutt få øydeleggjande konsekvensar for grisefarmane, villgrissamfunnet og ryktet vårt.»
Sidan ein byrja med grensekontrollar i september 2022, har svimlande seksti tonn med ulovleg svinekjøt blitt fanga opp, rapporterer Birmingham Live. Som respons på den lurande trugselen, sa ein statleg talsperson: «Afrikansk svinefeber er ein sjukdom som råkar grisar og ikkje menneske. Å hindre eit utbrot i Storbritannia er framleis ein av våre nøkkel-biotryggleiksprioritetar og vi har publisert omfattande informasjon og retningslinjer om sjukdommen.»
«Vi jobbar tett med Port Health Authorities og Border Force for å sikre at våre strenge grensekontrollar blir handheva.» For å vidare sikre seg mot slike trugslar, vart nye hygiene- og fytohygieniske kontrollar på mat og landbruksimportvarer frå EU innført 30.april i år.
Ministrar har sagt at dette tiltaket er meint å forbetre oppfanginga av skadedyr og sjukdommar, og i sin tur forbetre biotryggleiken ved den britiske handelsgrensa. Lord Tress, ein professor i veterinær-parasittlære, nemnde at desse kontrollane vil «redusere sannsynet» for import av smittsame sjukdommar slik som afrikansk svinefeber, ein «potensiell trugsel mot den britiske grisebestanden».
Nøkkelindikatorar å sjå etter hjå grisar er feber, tap av matlyst, slappheit, so vel som uforklarlege, plutselege dødsfall. Andre alarmerande symptom inkluderer oppkast, diaré, raudt eller mørkare hud i hovudsak på øyre og snute, utflod frå auge og nase, pustevanskar og hoste, spontanabort hjå drektige purker, generell svakheit og skjelvande rørsler.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
