Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Datamusa er ein av dei tinga ein truleg ikkje tenkjer på når det er snakk om klimaendring, men adm.dir. i Logitech, Hanneke Faber, meiner at sjølv denne vesle reiskapen er for forureinande til at folk kan gå og kjøpe dei sånn heilt utan vidare.
I staden vil Faber at Logitech-kundar skal velje hennar nye «evigmus», som dei vil måtte betale abonnement for å bruke, omtrent slik som å ha leigebilavtale med ein forhandlar.
Faber, som er skildra som «ei som har vore leiar lenge, og med omfattande bakgrunn innan kundevarer ved konglomerat slik som Unilever og Procter & Gamble», sa på The Verge sin «Decoder»-podcast at hennar prioritet nummer éin framover ikkje er å loppe kundar med nyttelause abonnementsgebyr berre fordi ho kan, men heller for å «kutte karbonutslepp».
«Eg trur sterkt på at du nok må gjere visse endringar dersom du, i vårt tilfelle, ønskjer å få endå betre resultat og lite grann raskare vekst med dei same marginane – og langt ifrå uviktig, redusere det karbonfotavtrykket med 50%,» sa ho i intervjuet. […]
Når du treng ei orsaking, berre skuld på «klimaendring»
Legg merke til den varsame ordlegginga i sitatet ovanfor frå Faber, som får det til å høyrast ut som om Logitech gjer det vedunderleg allereie, og dermed eigentleg ikkje treng å gjere musene sine abonnementsbaserte.
Ifølgje Faber vil Logitech rett og slett gjere sin del for å «kutte karbonutslepp» ved å fakturere kundane sine igjen og igjen for å få bruke deira datamuser i det uendelege.
Det som Faber passande nok ikkje greidde å avsløre under intervjuet er sanninga, naturlegvis. Som resten av forbrukarmarknaden, stuper salet av varer no når Wuhan-koronaviruset (covid-19) er over (i det minste for no), og økonomien imploderer.
Når sant skal seiast gjekk sala hjå Logitech so mykje ned etter covid at deira førre adm.dir. slutta i jobben, og etterlét Faber som den nye personen i leiarrolla. Leiarstilen til Faber ser ut til å vere å lyge til aksjonærane og dikte opp slikt botnlaust tull som ei abonnementsbasert mus.
Faber hevdar at ei abonnementsbasert mus frå Logitech vil ha slik fabelaktig kvalitet at kundar vil hoppe av glede over å få kunne eige ei, same kor mykje faste utgifter dette vil medføre.
«Det eg eigentleg håper på, er at dette vil bidra til at produkta våre varer lenger, at vi vil få fleire fyrsteklasses varer, men òg varer som varer lenger fordi dei er overlegne, og fordi vi kan halde fram med å oppdatere dei over tid,» sa ho.
I Faber si tankeverd vil kundar ønskje å halde på sine Logitech-mus eller tastatur – ja, tastatur frå Logitech vil òg snart bli abonnementsbaserte – for alltid, på grunn av kor gode dei er og kor lenge dei varer. Dette vil få pengane til å flyte inn i lommene hennar, og sende «karbonet» i verda ut i ein dødsspiral.
«Sjå på det som din Rolex,» sa Faber til intervjuaren, og samanlikna Logitech-mus- og tastaturvarer med eit av dei mest luksuriøse armbandsurmerka i verda. «Du kjem verkeleg til å like dette.»
Når ho vart spurt om korleis programvareutviklarar ved Logitech no vil måtte sysselsetjast for å sende oppdateringar over nettet til kundar «for alltid», byrja Faber å skildre dei framtidige abonnementsbaserte varene til Logitech som ein sjeldan «artefakt».
«Vi har ikkje evigmusa i dag, men eg er oppglødd over tanken,» sa ho rett ut om sine fantasiar. «Eg blir intrigert av ei evigmus eller ei evig-videokonferanse-løysing som du må oppdatere med programvarer, og skape ein forretningsmodell rundt det.»
Faber la vekt på at ho ikkje godkjenner den noverande snittprisen på ei Logitech-mus, som er rundt 26 dollar [281 kroner]. Ho skildra dette som «verkeleg so billeg», og vil heller at Logitech skaper produkta sine meir i stilen av luksushandvesker eller designar-solbriller.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, der alle har kjøpt musa si kontant.
