Moskva kjem med oppdaterte estimat av ukrainske tap i Kursk-raidet

Russia Today (RT) rapporterer:

Russiske styrkar held fram med å påføre store tap på ukrainske soldatar som kryssa grensa inn i Kursk-regionen tidlegare denne veka, rapporterte Forsvarsministeriet i Moskva fredag [9.august 2024], og kom med eit estimat over Kiev sine tap i raidet.

Ifølgje ministeriet har Ukraina mist opp til 945 soldatar, so vel som 102 armerte køyretøy, inkludert 12 stridsvogner og 17 armerte persontransportkøyretøy. Tala inkluderer meir enn 280 soldatar og 27 armerte køyretøy som har blitt øydelagt dei siste 24 timane i område som ligg nær Kursk-regionen, la Moskva til.

Rapporten sa òg at russiske luftåtak nyleg har øydelagt fem Stryker armerte persontransport-køyretøy, so vel som ein ukrainsk militærkolonne som bestod av ei stridsvogn, fire ACP-ar, og eit Kozak kampkøyretøy.

Ministeriet la til at operasjonen for å få vekk og øydeleggje ukrainske styrkar i regionen held fram, og at det russiske militæret, hjelpt av luftåtak og artillerield, har hindra Kiev sine forsøk på å utføre raid djupt inne i russisk territorium i Kursk-regionen.

Ukrainske styrkar lanserte sitt grensekryssande raid i den russiske Kursk-regionen tidleg tysdag morgon. Leiarskapen i Kiev har sagt at eit av måla til åtaket er å så «frykt» i hjarta til den russiske befolkninga, for å lågne støtta dei har til regjeringa, og å desperat grafse til seg ein sterkare forhandlingsposisjon.

Den russiske presidenten Vladimir Putin har skuldra åtaket som ein «storskala-provokasjon», og har skulda Kiev for å utføre «vilkårlege åtak» på sivile, bustadbygningar og ambulansar. Fleire videoar som verserer på nettet dei siste to dagane ser ut til å vise ukrainske soldatar som skyt på sivile bilar.

Det russiske forsvarsministeriet har estimert at Kiev sitt åtak vart utført av styrkar i opptil tusen i talet, støtta av stridsvogner og artilleri. Leiaren for den russiske generalstaben, Valerij Gerasimov, rapporterte onsdag at Kievs raid har blitt stoppa av det russiske militæret, og at Ukraina har lidd store tap.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Putin samlar Tryggleiksrådet etter at ukrainske soldatar gjekk inn i russiske Kursk», publisert 9.august 2024.

Kommenter innlegget