Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Ein programleiar i BBC har blitt dømt til ti års fengsel i ein domstol i Australia for valdtek, tortur og drap på fleire dusin hundar. Zoolog Adam Britton sa seg skuldig i 56 tilfelle av dyresex og dyremishandling i september i fjor, so vel som brotsverk relatert til barnepornografi.
Britton var seniorforskar ved Charles Darwin University og var med i fleire produksjonar for BBC og National Geographic. Han var til og med med i ein BBC-serie saman med den legendariske naturdokumentar-programleiaren Sir David Attenborough.
Retten høyrde at Britton torturerte 42 hundar og drap 39 av dei i ein shipping-konteinar, og filma mange av brotsverka sine. Britton hadde ei «sadistisk-seksuell interesse» i dyra, og misbrukte både sine eigne hundar og andre hundar som han hadde fått i oppgåve å passe på.
«Åtferda Dykkar i kvart av desse tilfella involverte ei grad av forderving og avskyelegheit som fell heilt utanfor kvar ei ordinær menneskeleg konseptualisering og oppfatning,» sa dommaren i saka til Britton.
Dommen kjem like etter at BBC sitt toppbetalte nyheitsanker Huw Edwards sa seg skuldig i å lage usømmelege bilete av barn.
Edward var del av ei pervertert WhatsApp-gruppe der bilete vart delte frå desember 2020 til april 2022.
BBC har blitt heimsøkt av sexmisbruksskandalar i fleire tiår, der den mest berykta var den tidlegare programverten Jimmy Savile. DJ-en misbrukte barn i fleire tiår medan han jobba hjå kringkastaren, som i sin tur har blitt skulda for å dekkje over misbruket, eller i det minste vende ryggen til det.
BBC er for det meste finansiert av britiske TV-apparateigarar gjennom TV-lisens, ein de facto skatt som alle som ser på direktesendingar – sjølv om ingenting av det er eigd av BBC – må betale, eller stå overfor strafferettslege bøter støtta av trugselen om fengsel.
Nigel Farage, leiaren av Reformpartiet, har kravd at TV-lisensen skal bli avskaffa, og at BBC skal gå over til ein abonnementsbasert modell.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
