Grzegorz Adamczyk på nettstaden ReMix News rapporterer:
Eit sjokkerande tilfelle av barnemishandling har dukka fram i dagen i Gliwice, Polen, der ein fire år gammal gut skal ha vore offer for langvarig vald av eit lesbisk par, som bestod av hans biologiske mor og partnaren hennar.
Paret, Julia B. og Patrycja J., som budde saman med tre barn, vart arresterte etter at guten greidde å kome seg ut av leilegheita deira, for so å bli funnen åleine på gata med berre skoa sine. Han viste teikn på brutal og sadistisk vald.
Distriktspåtalekontoret i Gliwice gjekk ut med tiltalane, som sette søkjelys på den urovekkjande naturen til skadane som vart påført den fire år gamle guten. Ifølgje rapportar utsette Patrycja J. offeret for fysisk og psykologisk pine, inkludert å svelte han, verbal mishandling, trugslar om å forlate han, og fysisk vald som involverte slag, biting, kveling og bruk av kablar for å slå han.
I tillegg var offeret eit barn med ei funksjonshemming, ein medfødd tilstand i skjelettet som kravde fleire operasjonar før fireårsalderen. Trass sårbarheita hans, er paret skulda for å fysisk og psykologisk torturere han på ein kalkulert måte.
31.juli 2024 greidde barnet å kome seg ut av leilegheita, og vart seinare oppdaga på gata, der kroppen hans viste fleire skadar inkludert skade på venstre skuldra, brystet, høgre kinn og venstre augehole. Han vart deretter frakta til den lokale politistasjonen av ein tilfeldig forbipasserande som fann han.
Denne hendinga har tent opp igjen debatten om kor trygge barn er i heimar med LGBT-foreldre, sidan lokale pro-livformidlarar kritiserer aksepten av LGBT-familiestrukturar, der dei trekkjer parallellar til rapporterte tilfelle av barnemishandling i slike heimar i utlandet.
Lokalsamfunnet og -styresmaktene held fram med å respondere på tragedien, og krev auka årvakenheit og vernetiltak for barn i liknande situasjonar. Tilfellet er framleis under etterforsking sidan nye detaljar dukkar opp om behandlinga av Ignacy sine stesystrer, som visstnok ikkje var offer for den same mishandlinga.
Dette har fått enkelte til å spekulere om påverknadskrafta frå ein ideologi som ser på maskulinitet som noko ein må kjempe imot, og trekkje parallellar med liknande tilfelle i utlandet der gutar vart målretta mishandla av lesbiske par.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
