Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ein prominent australsk journalist som skrytte på nettet etter å ha blitt «vaksinert» mot Wuhan-koronaviruset (covid-19) er død i ein alder av «50-åra», som er alt offentlegheita ser ut til å vete om kor lenge ho var på denne jorda.
Jane Hansen er skildra som ei «fantastisk kvinne» som brukte å lage reportasjar for A Current Affair. Ho utvikla glioblastom for halvanna år sidan, ikkje lenge etter at ho vart injisert med Pfizer sin dobbel-dose-mRNA-injeksjonsserie.
«Eg føler meg eksepsjonelt velsigna for å ha fått min fyrste Pfizer-vaksine i dag,» skreiv Hansen på Twitter 14.juli 2021. «Ikkje ein einaste biverknad. Forsterkar immuniteten min med eit glas raudt. Tusen takk, vitskap.»
På same dag tweeta Hansen igjen at ho var «glad eg gjekk inn for Pfizer», og la til at «Mange menneske stilte seg i kø og gjorde sitt» òg, noko som tydar at ho meinte at alle som, slik som ho sjølv, vart injisert mot covid gjorde sin del for å redde menneskeheita. […]
Hansen avskydde mannskulturen som vart vist på TV
Rundt rekna eit år etter at ho vart injisert med Pfizer, vart Hansen diagnostisert med «ein vondsinna type hjernekreft» som fortærte kroppen hennar ganske so kjapt. Ho kreperte på Gullkysten rundt 23:40 6.august 2024.
Hansen jobba i The Sunday Telegraph. Før det var ho krigskorrespondent. Familien hennar seier at ho «kjempa utruleg» for å få post-injeksjonskreften sin ut av kroppen, men at dette ikkje var nok for å redde ho.
«Vi vil snakkast snart når det gjeld gravferdsarrangementet til Jane, og ja, det vil vere eit gravøl for å feire denne fantastiske kvinna!» står det i ei melding frå familien.
Vi har sidan 2017 visst at Hansen var anonym medforfattar av ein «vondskapsfullt underhaldande» roman, utgjeven i 2008, ved namn Boned. Boka dreiv visstnok harselas med «blokey-kulturen» i kommersielt TV, der «blokey» viser til menn.
Hansen ville tydelegvis at kommersielt TV skulle bli meir feministisk, og påstod at mange TV-veteranar var «forskremde over den forkastelege åtferda til menn» i leiarstillingar.
«Då vi skreiv Boned, hadde vi begge slutta i jobbane våre,» skreiv Hansen om anti-mannsprosjektet. «Vi hadde små babyar og vi var frilansarar. Vi hadde òg blitt slegne ned av guteklubben grei. Vi hadde blitt mobba. Men vi var aldri offer.»
Hansen tente vitterleg pengar på den sjølvoppfatta offerrolla ho presenterte i Boned, som bidrog til anti-mann-kjensla i media som har feia over Vesten i ein fæla fart dei seinaste åra.
Hansen kalla seg sjølv ein «anonym TV-varslar» for sitt bidrag til Boned, som ho hevda var sin måte å «lage eit styr av» korleis ho følte seg når det gjaldt korleis mannskulturen vart framstilt i populærmedia. I Hansen si tankeverd var romanen hennar «herleg skamlaus chick lit» [chick literature; «damelitteratur»].
«Vi banna mykje,» kommenterte editorial director Clair Harvey i The Australian, som jobba som vise-redaktør i The Sunday Telegraph på den tida Hansen jobba hjå medieformidlaren.
«Ho vart mykje forbanna. Ho lo mykje – og det fekk meg til å le – kvar gong vi snakka saman.»
På X kunne ikkje ein brukar dy seg i å påpeike at slike ting ser ut til å skje ofte i våre dagar: mange prominente offentlege figurar som ein gong lovpriste, skrytte av, eller belærte andre når det gjaldt covid-sprøyter, er no døde.
«Enkelte vi til og med kalle det guddomleg inngripen,» skreiv brukaren.
The Health Ranger [Mike Adams] kom med sine kondolansar, og sa at det er «absolutt skrekkeleg når ein ‘journalist’ som går til åtak på dei som fortel sanninga om vaksinar blir injisert sjølv, for so å få svulstar i hjernen, og til slutt døyr av desse svulstane.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
