Russia Today (RT) melder:
Kommisjonæren i Metropolitan Police i London har truga med å opprette sak på utlendingar for å «piske opp hat» på nettet, og namngjev X-eigar Elon Musk som nokon som burde bli straffeforfølgt. Åtvaringa kjem midt oppi eit landsomfattande nedslag mot påstått hattale etter ei rekkje høgreorienterte opptøyar.
«Vi vil kaste lovas fulle kraft mot menneske. Og om du er i dette landet og utfører brotsverk på gatene, eller utfører brotsverk lenger unna på nettet, vil vi kome og ta deg,» sa kommisjonær Sir Mark Rowley til Sky News fredag [9.august 2024].
(Sjå òg «Joe Rogan: Stoda til ytringsfridommen i Storbritannia er verre enn i Russland», publisert 11.august 2024.)
På spørsmål om Metropolitan Police har planar om å tiltake folk som legg ut innlegg på sosiale media frå andre land, svarte Rowley: «Å vere ein tastatur-krigar gjer deg ikkje trygg mot lova,» og namngav «Elon Musk og hans likesinna» som potensielle mål for etterforsking.
Per fredag har meir enn 700 menneske blitt arresterte, og meir enn 300 tiltala på grunn av deira påståtte deltaking i opptøyane, som starta etter at ein tenåring av rwandisk avstamming drap tre barn og skadde ti andre i ein knivstikkingsepisode i småbyen Southport i slutten av førre månad.
Demonstrasjonane, som fyrst vart utløyst av eit usant rykte om at knivmannen som var ansvarleg for stikkingane var ein muslimsk innvandrar, voks til ein meir generell kritikk mot islam og masseinnvandring, og kulminerte i at deltakarane i opptøyane sette fyr på eit hotell som husa asylsøkjarar i Rotherham førre sundag [4.august 2024].
Av dei arresterte har meir enn 30 blitt tiltala for nett-brotsverk, slik som å dele bilete eller opptak frå opptøyane, eller leggje ut innhald som – ifølgje Crown Prosecutorial Service – «viglar opp til vald eller hat». [I norsk lov tilsvarer dette å oppfordre til vald eller andre straffbare handlingar; oms.komm.]
Kritikarar, inkludert Musk, har skulda regjeringa for å kvele ytringsfridommen, og for å operere under eit «to-lags»-rettssystem [engelsk two-tier justice system], der kvite britiske mistenkte blir straffa langt meir alvorleg enn innvandrarar.
Musk delte eit innlegg laurdag som sette søkjelys på den openberre skilnaden mellom sakene til Steven Mailen og Mustafa al Mbaidib. Mailen (54) vart dømt til meir enn to års fengsel fredag for å rope og «gestikulere» til ein politibetjent under ein valdeleg demonstrasjon i Hartlepool for over ei veke sidan; Al Mbaidib, ein 27 år gammal jordansk statsborgar, vart bøtelagt 26 pund [358 kroner] førre månad for å gå til åtak på ein kvinneleg politibetjent i Bournemouth i mai.
«Ser visseleg ut som urettferdig rettferd i Storbritannia,» skreiv Musk på X. Milliardæren delte òg ein serie med memes som samanlikna den britiske statsministeren Keir Starmer med ein nazioffiser, og den britiske regjeringa med det totalitære diktaturet i George Orwell-romanen 1984.
Starmer vurderer å utvide den britiske Online Safety Act-lova til å straffe sosialmedieselskap som tillèt spreiing av «ulovleg, men skadeleg» innhald, rapporterte The Telegraph fredag. Lova, som vart vedteken av den tidlegare, konservative regjeringa, skulle opphavleg ha inkludert slik ein klausul, men den vart straks tilbaketrekt etter at forretnings- og handelsminister Kemi Badenoch klaga at den ville vere «eit lovverk for såra kjensler».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
