Svetlana Ekimenko i nettavisa Sputnik Globe rapporterer:
Ein drastisk mangel på personale i den ukrainske hæren har plaga Kiev-regimet i slikt eit omfang at dei ikkje berre har måtte skjerpe inn på mobiliseringsreglane sine, men òg vist vilje til å rekruttere desertørar og dømte forbrytarar.
Dei enorme kamptapa til Kiev-regimet går hand i hand med deira tapande kamp om å rekruttere meir «kanonføde».
Verneplikta blir stadig tøffare, trass forsikringar om det motsette lira av seg frå offisielle talsmenn for det ukrainske militæret, innrømte The Wall Street Journal.
Medan soldatar på fronten i austlege Ukraina visstnok har desperat mangel på menn, utviklar verneplikt-unnvikarar strategiar for å unngå å bli rekruttert. Blant rapportar om kommandørar som sender nye rekruttar rett i skyttargravene utan skikkeleg opplæring, og at den einaste måten å forlate militæret på er via skade, død eller slutten på blodbadet, skreiv nyheitsformidlaren at mennene heller vil:
- bli loppa av menneskesmuglarar, som tek opp til 15 000 dollar [162 000 kroner] for å frakte mennene ut av landet ulovleg;
- søkje på etterutdanningsprogram (som tradisjonelt gjev fritak frå verneplikta), som nådde eit rekordnivå på 90 000 menn i år;
- gøyme seg
Ein burde merke seg at etterutdannings-smottholet i praksis har blitt stengt «slik at etterutdanningsstudium ikkje blir om til eit korrupt verktøy for å unngå mobilisering», dette ifølgje det ukrainske utdanningsministeriet.
Vernepliktsoffiserar har ifølgje skildringar blitt spreidd utover heile landet i eit kappløp om å dele ut dei frykta militærinnkallingane som krev at ein dukkar opp på eit rekrutteringskontor innan nokre dagar, eller få ein arrestordre på seg.
Ei lov som gjer Ukraina sine mobiliseringsreglar strengare byrja å gjelde 18.mai, og har som mål å fylle opp dei ukrainske styrkane, som er utarma etter meir enn to år med NATO sin stadfortredar-konflikt. Ukraina står no ikkje berre overfor ein drastisk mangel på menn for å fylle rekkjene på slagmarka, men med ei hittil usett demografisk krise som dei sjølv har forårsaka, på grunn av sine forsøk på å tvangsmobilisere menn i alderen 18 til 60, og til og med fange mentalt og fysisk handikappa menn i kampdyktig alder rett frå gata.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
