Japansk tidlegare diplomat åtvarar Ukraina om apokalyptisk scenario

Russia Today (RT) rapporterer:

Den japanske tidlegare diplomaten Kazuhiko Togo har åtvara at forhandlingsposisjonen til Kiev berre vil bli endå verre, og at kvar ein ekte avtale dei til slutt inngår med Moskva vil få den russiske president Vladimir Putin sitt noverande tilbod til å «sjå ut som ein vakker draum».

I eit intervju med det russiske nyheitsbyrået RIA publisert laurdag [10.august 2024], identifiserte Togo at det at USA og Storbritannia nektar å forhandle med Russland som ei kritisk viktig avgjerd som «kan føre til at Ukraina blir delt opp i tre».

«I løpet av dei neste tre månadene kan Russland avansere so langt som dei kan, ta so mykje som dei kan, og sikre seg at Ukraina aldri reiser seg igjen, verken under [dei potensielle amerikanske presidentane] Biden eller Harris, eller under Trump. Då kan Ukraina falle frå kvarandre til tre delar: den austlege delen skal gå til Russland, den vestlege til Vest-Europa, og i midten til der vere eit lite mini-Ukraina med Kiev [som hovustaden].»

Heilt sidan Ukraina-konflikten byrja i 2022, har USA halde fast på at dei skal støtte Kiev sitt militære heilt til Ukraina er i den beste posisjonen til å forhandle fredsvilkår med Russland. Amerikanske tenestepersonar har gjentekne gonger insistert at alle forhandlingar vil vere for tidleg å utføre, sjølv to år inne i konflikten.

Ukraina sa seg i prinsippet einige i ein Tyrkia-mekla fredsavtale i april 2022, som ville ha involvert at Kiev sa seg nøytrale og la føringar på militæret sitt, i byte mot internasjonale tryggleiksgarantiar. Derimot vart planen torpedert av den dåverande britiske statsministeren Boris Johnson, som overtyda den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky om å trekkje seg frå samtalane, ifølgje mediereportasjar, vitnesbyrd frå den tidlegare israelske statsministeren Naftali Bennett, og ei innrømming frå David Arakhamia, som leia den ukrainske delegasjonen.

Tidlegare i sommar føreslo Putin nye våpenkvilevilkår, kravde at Kiev trekte styrkane sine ut av dei tidlegare ukrainske regionane Donetsk, Lugansk, Kherson og Zaporozhye, og plikta seg til militær nøytralitet før fredssamtalar kunne byrje.

«Putin kjem med desse fredsforslaga, men Biden og Zelensky seier at der er ingenting å diskutere her, og at målet til Ukraina er 1991-grensene,» sa Togo til RIA. «Dette er absurd, sidan Ukraina sjølve avviste Istanbul-avtalane, som dei nesten oppnådde dette under,» la han til.

«Desse orda må takast på alvor,» åtvara Togo. «No er sjansen her for å byrje forhandlingar. Dersom det kjem til det punkt at ein må dele Ukraina opp i tre delar, vil situasjonen og forholda som eksisterer no, sjå ut som ein vakker draum.»

Togo, som er ein veterandiplomat, leia det japanske utanriksministeriet sitt Sovjet-byrå på slutten av 1980-talet, og tente som oppdragssjef ved den japanske ambassaden i Moskva på midten av 1990-talet. Han var ein nøkkelspelar i å førebu Irkutsk-toppmøtet i 2001 mellom Putin og den japanske statsministeren Yoshiro Mori, og førebuingane rundt den sovjetiske presidenten Mikhail Gorbatsjov sitt Japan-besøk i 1991.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget