Terrance Kible på nettstaden Just the News melder:
Det amerikanske Secret Service [tenesta som «beskytta» Trump under attentatforsøket i Pennsylvania; oms.komm.] braut seg inn i frisørsalongen Four One Three Salon laurdag [10.august 2024] under visepresident Kamala Harris sitt besøk i Pittsfield, Massachusetts.
Tilsette i byrået brukte toalettet i salongen til Alicia Powers, åt dropsa hennar og forlét lokalet utan å rydde opp etter seg på do, eller låse salongen, rapporterte The Berkshire Eagle.
Men innbrotet slutta ikkje der.
«Nokon kledd frå topp til tå i svart» bad fleire personar kome inn og bruke toalettet i salongen, rapporterte Powers å høyre i kommunikasjon frå EMS-arbeidarar.
«Eg er den typen person som ville ha servert dei kaffi og smultringar om dei hadde spurt meg om lov,» kommenterte Powers etter at dei hadde trengt seg på.
Ein tilsett i byrået skal visstnok ha «festa tape på eit overvakingskamera i bakhagen» før dei braut seg inn, og dei rydda ikkje eingong opp etter seg.
Powers sa at ho fekk ei orsaking frå byrået sitt Boston-kontor. Ho rapporterte at byrået tilbaud å betale for reingjeringskostnader, skadar forårsaka av innbrotet, og kostnader knytt til alarmen «fordi den stod og ringde so lenge».
«Eg var fornøgd med denne orsakinga. Det handlar litt om ansvarleggjering. Igjen, eg hadde ikkje tenkt å ta dette vidare til nokon,» sa Powers.
Powers rapporterer at ho framleis føler seg «krenkt, ikkje-respektert og lite grann sur,» trass orsakinga.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som tenkjer at agentane måtte ha vore grådig pissetrengte som gjorde det dei gjorde.
