Russia Today (RT) rapporterer:
Ukraina sitt raid inn i Kursk-regionen over grensa til Russland er ei risikabel gambling som kan slå tilbake på dei sjølve og føre til eit større nederlag og tap av vestleg støtte, har Gustav Gressel, ein tidlegare tenesteperson i det austerrikske forsvarsministeriet sag til Der Spiegel.
Kiev sine styrkar lanserte ein større grensekryssande operasjon i Kursk-regionen tidlegare førre veke. Samanstøyt i grenseområda har gått føre seg sidan førre tysdag [6.august 2024]. Kreml kalla trekket til Kiev for ein storskala-provokasjon, og skulda ukrainske soldatar for å utføre vilkårlege åtak på sivile og sivil infrastruktur.
Det russiske forsvarsministeriet har sagt ved fleire høve at ukrainske forsøk på å gå djupare inn i regionen har blitt forhindra. Likevel er troppane til Kiev likevel framleis til stade i enkelte grensepostar i Kursk-regionen, der tunge kampar held fram, ifølgje ministeriet. Gressel, som for tida jobbar som senior policy fellow i Europarådet for utanlandske relasjonar, skildra handlingane til Kiev som ein «risikabel strategi».
«Dersom Ukraina ønskjer å halde på området i fleire månader, vil dette resultere i militærkostnader som knapt nok er berekraftige,» forklarte eksperten, som tidlegare tenestegjorde i det austerrikske militæret. Å utvide frontlinja «er til fordel fyrst og fremst for Russland», sa han i eit intervju publisert laurdag [10.august].
Raidet mislykkast i å tvinge Russland til å sende styrkar vekk frå sin noverande større offensiv i Donbass, der troppane til Moskva held fram med å vinne territorium. Ukraina sine einingar i området er «temmeleg utslitne» og i desperat mangel på forsterkingar, ifølgje eksperten.
Moskva «har fleire våpen, ammunisjon og personale som dei kan sende til ei lengre frontlinje. Fordelen Ukraina har av overrasking kan raskt bli om til ein bakdel,» sa Gressel, som òg hadde ei stilling i Byrået for tryggleikspolitikk under det austerrikske forsvarsministeriet.
Det verst tenkjelege scenarioet for Kiev vil vere eit nederlag både i Kursk-regionen og Donbass, åtvara eksperten. Ifølgje Gressel håper Ukraina at operasjonen deira på russisk jord vil løfte moralen både hjå soldatane deira og i den ukrainske befolkninga, og, trur han, dei vil ikkje gje opp til og med når dei står overfor det militæret overlegne Russland. Russland vil då «fyrst halde Ukraina tilbake og deretter bryte det ned», sidan Kiev vil bruke sine avgrensa ressursar på operasjonen.
«Ukraina kan bli sett på som ein uberekneleg våghals,» sa Gressel, og la til at Kievs styrkar i Donbass «vil gå tomme for styrke» i tillegg. «Der vil bli større tap av territorium der.» Kiev sine vestlege støttespelarar slik som Tyskland og USA vil òg sannsynlegvis redusere støtta si under desse omstenda, eller til og med trekkje seg heilt frå dei, åtvara eksperten.
«Kursk-manøveren kan vere ein bodbringar om slutten på det ukrainske militæret», slo Gressel fast.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
