Russia Today (RT) rapporterer:
Den ukrainske hæren har okkupert 28 busetjingar i den russiske Kursk-regionen, inkludert rundt 12 kvadratkilometer inne i landet sitt territorium, avslørte konstituert region-guvernør Aleksei Smirnov måndag [12.august 2024]. I ein report til president Vladimir Putin om situasjonen i grenseregionen, sa Smirnov at der var inga tydeleg frontlinje i dei noverande samanstøyta med ukrainske soldatar, som gjer det komplisert å peike ut kor dei er lokaliserte.
Samanstøyt i grenseområda i Kursk-regionen har gått føre seg sidan 6.august, då Kiev sine soldatar lanserte eit større grensekryssande raid. Det russiske ministeriet for kriser og den nasjonale anti-terrorismekomiteen (NAC) har kvar lansert tiltak i regionen.
«Situasjonen i regionen er for tida vanskeleg… Der er rundt 2000 menneske som vi ikkje kjenner lagnaden til,» sa Smirnov, og viste til innbyggjarar i busetjingane som no er kontrollert av hæren til Kiev.
Minst 12 sivile har blitt drepne i regionen sidan førre veke, sa tenestemannen, medan ytterlegare 121 har blitt skadde, inkludert ti barn. Han sa at rundt 121 000 lokalinnbyggjarar anten har forlate området eller blitt evakuert sidan kampane byrja, men 180 000 fleire vil framleis bli utsett for evakuering.
Smirnov avslørte tidlegare at den ukrainske hæren har forsøkt å hindre evakueringstiltak ved å «skyte på sivile og ambulansar».
Omfanget til raid-området er estimert på rundt 40 kvadratkilometer, og det russiske militæret har allereie førebudd ei anti-stridsvogn-grøft på rundt same distanse for å beskytte området mot avansering frå ukrainske soldatar, sa Smirnov. Derimot åtvara han at sabotasjegrupper med russiske dokument har blitt funne opererande i området, og han sa at han gav ordre om ein auke av patruljar for å luke dei ut.
Vladimir Putin retta seg til tenestepersonar i eit møte måndag, der han fordømte raidet til Kiev i Kursk og droneåtak i andre russiske regionar som «vilkårlege åtak på sivile», og åtvara at kvar ein fredssamtale med Ukraina vil vere umogleg so lenge dette held fram.
Den russiske menneskerettsombodskvinna Tatyana Moskalkova kalla tidlegare raidet til Kiev for «barbarisk», og appellerte til FN om å fordømme handlingane til Kiev og ta steg for å stoppe dei.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
