Dénes Albert på nettstaden ReMix News melder:
Danmark har nyleg innført grensekontrollar på grensa mot Sverige, og hevdar at både kriminelle gjengar og islamske ekstremistar importerer vald til landet.
Førre veke sa den danske justisministeren Peter Hummelgaard rett ut at han ikkje ønskte at dei sosiale spenningane som no pågår i Sverige på grunn av mangel på integrering, skal bli utbreidde i Danmark.
Ifølgje det danske politiet er problemet i Danmark, bortsett frå væpna samanstøyt, at kriminelle no driv og rekrutterer gjengmedlemmer og barnesoldatar frå nabolandet Sverige til å utføre ulovlege aktivitetar på dansk jord.
«Dette er djupt uakseptabelt,» sa Hummelgaard.
I midten av juni vart to unge gangsterar frå Sverige arresterte for drapsforsøk i København. Meir nyleg vart to fleire ungdommar arresterte for å ha kryssa grensa og utført to separate skyteepisodar i Danmark.
«Eg tek hendingane eg har sett og informasjonen eg har fått frå politiet særs alvorleg. Det er djupt uakseptabelt at svenskar og folk som bur i Sverige utfører alvorlege brotsverk i Danmark. Vi ønskjer ikkje svenske tilstandar i Sverige,» la Hummelgaard vekt på.
«Svenske tilstandar» har blitt ein terminologi ikkje berre i Danmark, men òg i Noreg, altso gjengkriminalitet dominert av innvandrarar.
Ifølgje Kristin Kvigne, sjef for Kripos, er kriminelle gjengar frå Sverige no til stade i alle politidistrikt i landet, og der er stor bekymring for at valden vil auke.
«Der er ei frykt for at norske kriminelle kopierer metodane til svenske kriminelle, slik som rekruttering av svært unge menneske,» sa Kvigne til nasjonal radio [truleg NRK; oms.an.].
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
