Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Ein mann som skal ha knivstukke ei 11 år gammal jente åtte gonger i Londons berømte West End, er bekrefta å vere ein 32 år gammal innvandrar frå Romania. Påtalestyresmakta seier at Ioan Pintaru, som er heimlaus, «gjekk bort til den 11 år gamle jenta, tok kvelegrep på ho, for so å stikke ho åtte gonger på kroppen» i Leicester Square rundt 11:34 måndag føremiddag [12.august 2024].
«Ho fekk skadar i ansiktet, skuldra, handleddet og halsområdet. Heldigvis greip tilfeldig forbipasserande inn, som hindra at ytterlegare skade vart gjort på barnet,» sa påtaleadvokat David Burns til Westminster Magistrates’ Court.
Distriktsdommar Michael Snow, som skildrar knivstikkinga som eit «tilfeldig åtak på eit barn», har halde Pintaru i varetekt i forkant av eit møte i Crown Court under tiltale om drapsforsøk og for å ha bore kniv på offentleg stad.
Det unge offeret, som skal ha vore på ferie i den britiske hovudstaden med mora si (34), må visstnok få plastisk kirurgi.
Åtaket følgjer den dødelege masseknivstikkinga av fleire unge jenter, der tre av dei vart drepne, under ein dans- og yogaklasse med Taylor Swift-tema i sjøbyen Southport. Ein tenåring med innvandrarbakgrunn er mistenkt i det åtaket, som utløyse fleire anti-masseinnvandringsprotestar og muslimske og ytre høgre-motprotestar i England og Nord-Irland.
Statsminister Sir Keir Starmer er skulda for å ha innført ein tolags-respons til protestane og motprotestane, der fleire av dei har utvikla seg til opptøyar, der han fordømmer «ytre høgre-skurkar» som protesterer mot innvandring, medan politiet samstundes tekkjest muslimske motprotest-deltakarar.
Hans leiande påtaleperson får folk arrestert for å «nøre opp under hat» og dele «unøyaktig informasjon» i samband med opptøyane og Southport-knivstikkinga på nettet, og går so langt som å truge med å få utlevert problematiske innleggsdelarar som bur i utlandet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
