Medvedev lover «straff» for Kursk-raid

Russia Today (RT) rapporterer:

Ukraina vil nesten heilt sikkert bli gjenstand for gjengjelding for sin storskala-offensiv i Kursk-regionen førre veke, seier den tidlegare presidenten i Russland Dmitry Medvedev.

I ein tale på eit møte til det herskande Sameinte russiske partiet tysdag [13.august 2024] uttala Medvedev, som er leiaren i partiet, so vel som leiaren i det russiske tryggleiksrådet, seg om Ukraina sitt åtak i Kursk-regionen, som har blitt Kiev sitt største åtak på russisk territorium sidan konflikten braut ut. Moskva har kalla åtaket ein provokasjon, og skuldar Kiev for å vilkårleg gå til åtak på sivile.

Medan han bekrefta at russiske styresmakter burde gjere sitt beste for å hjelpe dei fleire tusen evakuerte som har blitt tvinga til å forlate heimane sine, hevda han at Ukraina «utan tvil kjem til å få ei velfortent straff».

Denne gjengjeldinga, la han til, «ser føre seg kvar ei form for konsekvensar for dei som har gjort dette, inkludert for leiarskapen til det nasjonalistiske regimet i Kiev.»

Medan den tidlegare presidenten ikkje utbroderte om naturen til slik ein respons, rapporterte The Times måndag, og viste til ein ukrainsk tenesteperson, at Kiev førebudde seg på «ein aggressiv respons» frå Russland, som kan inkludere åtak på høgprioritetsmål i hovudstaden.

I fortida responderte Russland ofte på det dei kalla ukrainske «terroråtak» på sivile ved å sende ut høgpresisjonsåtak som hadde som mål avgjerdstakande sentra, forsvarsindustrien og energifasilitetar, logistikksenter og utsendingsområde. Moskva held fast på at åtaka deira aldri har sivile som mål.

Det russiske forsvarsministeriet har sagt at det ukrainske avansementet har blitt stansa, og estimerer tap på opp til 2000 tenestemedlemmer og meir enn 200 armerte køyretøy.

Den russiske presidenten Vladimir Putin har sagt at åtaket på Kursk-regionen hadde som mål å ta merksemda vekk frå Donbass, der troppane til Moskva lenge har vunne land jamt og trutt. Putin utelukka òg kvar ein samtale med Kiev so lenge dei held fram med å gå til åtak på sivile mål.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget