Ramon Tomey i NewsTarget, systersida til Natural News, melder:
Den europeiske unionen har pressa X-eigar Elon Musk til å avlyse intervjuet sitt med tidlegare president i USA Donald Trump utan å lykkast.
Kommisjonær for den interne EU-marknaden Thierry Breton var Brüssel-tenestemannen som var ansvarleg for forsøket, og gjorde dette med eit brev frå 12.august adressert til Musk og X-adm.dir. Linda Yaccarino. Intervjuet som fann stad på X Spaces har fått betydeleg merksemd med tanke på ei nylegaste utviklingane i Storbritannia. Breton og andre EU-tenestepersonar har uttrykt bekymring for potensialet for «skadeleg innhald» som blir forsterka gjennom intervjuet.
«Du er juridisk forplikta til å sikre at X lyder EU-lover, og spesielt DSA [Digital Services Act], på [kontinentet],» skreiv Breton. Han åtvara at «forsterkinga av skadeleg innhald… kan auke risikoprofilen til X og generere skadelege effektar på sivil diskurs og offentleg tryggleik. Dette er viktig sett opp mot bakgrunnen til nylege døme på offentleg uro… altso dei nylege opptøyane i Storbritannia.»
«Sidan det relevante innhaldet er tilgjengeleg for EU-brukarar og blir forsterka òg i din jurisdiksjon, kan ikkje vi ikkje ekskludere at dette har potensiale til å renne over. Eg oppmodar deg difor til å sikre effektiviteten til systema dine og rapportere tiltak du set i verk til teamet mitt.»
Breton åtvara til slutt at han og kontoret hans «vil vere ekstremt årvakne overfor kvar ei form for evidens som peiker til brot på DSA», og «vil ikkje nøle med å bruke heile verktøykassa til den… om det skulle oppstå behov for å beskytte EU-borgarar mot alvorleg skade.» […]
Tenestemannen sjølv gjekk ut på X for å informere om brevet, og sa at «med eit stort publikum kjem eit stort ansvar». Han heldt fram: «Sidan der er risiko for forsterking av potensielt skadeleg innhald [i EU] i samband med hendingar med større publikum rundt om i verda, so sender eg dette brevet til [Musk].»
Musk og Yaccarino svarer på brevet frå EU-tenestemannen
Ifølgje YourNews har 12.august-korrespondansen til Breton reist «betydelege bekymringar om ytringsfridom og politisk innblanding». Enkelte har skildra det som eit forsøk på å undertrykkje ytringsfridommen og hindre den tidlegare presidenten i å dele synspunkta sine med eit globalt publikum.
«EU trugar [Musk] fordi dei ikkje vil at verda skal høyre sanninga frå [tidlegare] president Trump,» sa ein spaltist på sosiale media. «EU feirar opne grenser, seksuell grooming på skular, klimatyranni og nedstenging av ytringsfridom. Trump er deira største trugsel, og dei vil ha han vekk.»
Musk og Yaccarino gjekk ut på sosiale media for å gje tilsvar. «Dette er eit hittil usett forsøk på å strekkje ei lov som er meint å gjelde Europa, til òg å gjelde politiske aktivitetar i USA,» skreiv Yaccarino. Ho kritiserte òg brevet for å insinuere at europearar «er ute av stand til å lytte til ein samtale og trekkje sine eigne konklusjonar».
Adm.dir. i Tesla og SpaceX, som kjøpte sosialmedie-plattforma i oktober 2022, responderte med eit meme frå 2008-filmen Tropic Thunder. Han la sarkastisk til: «For å vere ærleg, ville eg eigentleg svare med dette… memet, men eg vil aldri gjere noko so uhøfleg og uansvarleg.»
Trass denne trugselen frå Breton, vart det to timar lange intervjuet mellom Musk og Trump gjennomført 12.august. Derimot vart det 45 minutt forseinka etter det X-eigaren skildra som eit DDOS-åtak på serverane til plattforma.
Under intervjuet skildra Trump den sitjande presidenten Joe Biden si avgjerd om å trekkje seg som eit «kupp». Han kom òg med skarp kritikk av visepresident Kamala Harris, Demokratane sin presidentkandidat-nominerte, for hennar svake ståstad når det gjeld grensetryggleik. Ifølgje eigedomsmogulen, har den tidlegare advokatgeneralen i California sett «millionar av kryssingar» av ulovlege innvandrarar i den tida ho har vore den nest-mektigaste personen i verda.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Ein skiftenøkkel i maskineriet: Musk og Trump sin X-samtale trekkjer til seg hovudstraumsmedia sitt kollektive SINNE», publisert 15.august 2024.
