Japanske forskarar: Dei som får covid-mRNA-sprøyter har 4900% (!) auka risiko for hjartesvikt

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Dei leiande farmasøytiske vitskapsfolka i Japan er einige om at Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar» massivt aukar risikoen til mottakarane for å utvikle hjartesvikt.

Ein artikkel som dei fekk publisert i Journal of Infection and Chemotherapy, avdekkjer den urovekkjande realiteten at det å bli injisert mot covid med ei mRNA (modRNA)-sprøyte aukar risikoen for å få hjartesvikt med hårreisande 4900%.  

Teamet, leia av professor Keisuke Takada, frå Divisjon for farmakodynamikk ved Keio-universitetet sitt Fakultet for farmasi, og sentralsjukehuset i Yokohama, fann vidare ut at risikoen for å utvikle myokarditt, ei form for hjartebetennelse, aukar med opp til 50 gonger etter at ein har blitt injisert med mRNA-covid-sprøyter.

Ved å bruke data samla inn frå den japanske statens sitt rapporteringssystem for vaksinebiverknader, kalla JADER (Japanese Adverse Drug Event Report) – JADER tilsvarer VAERS i USA – som dekte perioden april 2004 til desember 2023, kalkulerte teamet både reporting odds rations (ROR-ar) [«rapporterings-odds-forhold»], og 95% konfidensintervallar som del av etterforskinga si.

Myokarditt og systersjukdommen perikarditt er kjende biverknader av covid-injeksjonar. Dei avgrensar evna hjartet har til å pumpe blod skikkeleg, noko som ofte fører til blodproppar, slag, hjartestopp og, i mange tilfelle, plutseleg og uventa død. […]

Kvifor bli injisert i fyrste omgang?

I Japan vart rundt 80% av ei befolkning på 125,1 millionar «vaksinert» mot Kina-viruset. Dette er større enn prosentdelen i USA, noko som antydar at japanarar var endå meir tillitsfulle (eller vart tvinga) enn amerikanarar når det gjaldt sprøytene.

Perioden frå vaksinasjon til byrjing [på symptom] i studien var mindre enn eller tilsvarande åtte dagar, noko som tydar at dei fleste biverknader frå mRNA-injeksjonar finn stad innan den fyrste veka etter vaksinasjon.

Mesteparten av dei identifiserte tilfella, 78% og 87% høvesvis, involverte rekonvalesens eller remisjon, altso at pasientane stort sett var i stand til å, i det minste til ei viss grad, kome seg tilbake til helsetilstanden dei hadde før injeksjonane. Enkelte av tilfella resulterte derimot i plutseleg død.

I høvesvis 11% og 8% av tilfella var der eit «alvorleg utfall» som involverte myokarditt eller perikarditt. Av desse resulterte høvesvis 11% og 5% i plutseleg død.

Artikkelen er berre nok eit tillegg til eit veksande fjell av evidens som viser at covid-sprøyter er ekstremt farlege, spesielt samanlikna med alle andre vaksinar som for tida er på marknaden. Eit urovekkjande høgt tal av mottakarar endar opp sjuke eller døde av sprøytene, trass at staten påstår at dei er «trygge og effektive».

I Singapore, eit høgst lydig land der nesten alle innbyggjarane vart injiserte mot covid, har det dukka opp ei helsekrise, sidan dei som tok sprøytene i aukande grad presenterer alvorlege helseproblem fleire år i etterkant.

I denne videoen forklarer Miles Guo i vidare detalj om korleis piggproteina i sprøytene fører til hjarteproblem. Guo avslører òg at innhaldet i kvar ein vaksineinjeksjon vil bli verande i kroppen resten av livet.

«Dette kjem til å bli ei utryddingsnivå-hending [engelsk extinction level event] dersom vi ikkje finn ut ein måte å nøytralisere mRNA-piggproteinet,» skreiv nokon på X om helsekrisa. «Og dei gjev framleis dette til menneske!»

«Dei fornuftige blant oss såg dette skje, og heldt barna våre unna denne gifta,» skreiv ein annan.

Ein annan tydeleggjorde at mRNA faktisk skulle lesast som modRNA, som tydar modifisert RNA og genetisk manipulasjon.

Å bli injisert mot covid er den tingen mange angrar mest på i livet sitt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget