Grzegorz Adamczyk på nettstaden ReMix News skriv:
I ein vågal manøver før daggry for ei veke sidan lanserte ukrainske styrkar ein motoffensiv med Kursk-regionen som mål. Dei fyrste rapportane indikerte at begge partane heldt seg musestille under dei tidlege timane av operasjonen. Det har no blitt bekrefta at ukrainske styrkar har avansert djupt inn i russisk-halde territorium, kasta russiske styrkar ut i forvirring, og tvinga dei til å omgruppere seg.
Operasjonen tok Kiev sine vestlege allierte på senga, noko som kravde respons frå globale makter. USA, saman med Tyskland og Belgia, har støtta Ukraina sin rett til sjølvforsvar, som inkluderer offensive tiltak på fiendejord, med potensiell bruk av deira militære utstyr.
I det krigståka enno ligg over Kursk-regionen, er utfallet av operasjonen framleis ikkje tydeleg. Derimot, ifølgje den australske strategen, general Mick Ryan, har initiativet beviseleg forstyrra den vanlege dynamikken mellom dei involverte partane.
«Evna Ukraina har til å kome med slik ei overrasking har ikkje berre vekt uro i Vesten, men òg i Russland,» sa pensjonerte general Ryan i sin analyse.
I eit intervju med den polske nyheitsformidlaren Wirtualna Polska, sette general Ryan søkjelys på dei strategiske og taktiske suksessane til dei ukrainske styrkane. «Ukrainarane overraska ikkje berre fienden sin; dei sjokkerte dei til å respondere seint. Tydelegvis har Ukraina identifisert og utnytta ei betydeleg sårbarheit i det russiske forsvarssystemet.»
Suksessen til operasjonen handla ikkje berre om å vinne territorium. Ukrainske styrkar utførde effektivt parallell-operasjonar som hindra russiske forsterkingar i å nå konfliktsona. Desse inkluderte ikkje berre bakhaldsåtak, men òg den strategiske øydelegginga av luftbasar og ammunisjonsdepot, noko som kritisk underminerte den russiske logistikkevna.
«Slike handlingar kjøper livsviktig tid, og lèt Ukraina halde på sitt operasjonsmomentum,» la general Ryan til.
Vidare peikte Ryan på dei vidare implikasjonane av offensiven. «Denne operasjonen handlar ikkje berre om taktiske sigrar. Ukrainarane sender òg ein sterk bodskap til både den russiske presidenten Vladimir Putin og Vesten, noko som famnar om ei rekkje politiske og strategiske intensjonar,» la han til.
«Eit anna strategisk mål kan vere å endre krigsnarrativet på ein måte som er meir i favør av Ukraina. Å styrke moralen til den ukrainske befolkninga er òg eit potensielt mål, med tanke på dei langvarige forvarsvanskane og skaden på infrastruktur dei har lidd av,» la Ryan til.
Med tanke på motoffensivet i år og korleis dette står i skarp kontrast til tidlegare forsøk, peikte Ryan på at det ukrainske militæret har blitt langt meir førebudd, og meir taktisk sofistikert. «Denne gongen vart operasjonen utført av erfarne einingar som brukte avanserte anti-lufttaktikkar og elektronisk krigføring, noko som markerte ein betydeleg evolusjon frå fjorårets forsøk, der mindre erfarne einingar vart sendte ut.»
Medan det er for tidleg å vurdere den fulle effekten av Ukraina sitt vågale trekk i Kursk, representerer operasjonen eit betydeleg skifte i konflikt-dynamikken. Om dette viser seg å vere eit meisterslag som endrar krigens gang, eller ein strategisk feil, vil framtidige utfordringar og tida sjølv vise, ifølgje den australske generalen.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
