S.D. Wells i Natural News skriv:
Bevismaterialet ligg kor enn du snur deg. Du ser desse folka åleine, i bilane sine, med covid-munnbind. Du kan sjå desse sauene jogge nedover fortauet, åleine, med sine Fauci-munnbleier. Desse mysofobiske klonane trudde kvart einaste ord som kom ut or kjeften på Fauci, fordi han er ein «sjukdomsekspert». [Mysofobi er frykt for å bli smitta av noko; oms.an.]. Følg vitskapen, sa dei. Gjer alt Centers for Disease Continuation [«Senter for sjukdomsframhald»] instruerer deg om å gjere – det er jo trass alt den amerikanske regjeringa som talar. Gå med munnbindet ditt. Sosial avstand. Gå i dekning. Vask hendene med Antibac kvar gong du rører noko som helst – vel, bortsett frå munnbindet, som du kan justere tusen gonger dagleg utan at det nokosinne kjem basillar på det. Ikkje sant?
Topp 10 grunnar til at Demokratar og Liberale framleis går med covid-munnbinda sine overalt
- Kognitiv svekking (munnbind fungerer saman med blodpropp-sprøytene)
- Dei trur det fungerer
- Mysofobi – basill- og sjukdomsparanoia indusert av falske nyheiter (angstnivået går til himmels)
- Låg sjølvtillit (særs viktig for at kommunistregimet som sit med makta skal få alle til å føle seg heilt forferdelege)
- Sjølvskade og sabotasje (stammar frå kronisk dårleg sjølvbilete)
- Dempar kritisk tenking (vond dumskapssirkel) – munnbinda hindrar dei i å tenkje at grunnen til at dei føler seg elendige heile tida er på grunn av munnbindet
- Falsk vitskap har lurt dei trill rundt – dei kjem ikkje til å finne den ekte vitskapen bak munnbind, og dei trur ikkje på nokon som gjev dei råd om det
- Godt for straffbar åtferd, slik som opptøyar, tjuveri, og det å unngå ansiktsgjenkjenning
- Dei likar å vere ein klon (og dei føler seg plikta til konformitet)
- Det passar inn i det kommunistiske manifestet (operasjonsmetoden) å ikkje ha eit ansikt, eller ingen unik eller autentisk personlegdom
Dei som går med munnbind opplever jamleg oksygenfrårøving opp til 20%, som fører til kognitiv svekking, angst og stundom panikkanfall
Det blir kalla munnbind-indusert oksygenfrårøvingssyndrom (ODMS) [engelsk oxygen deprivation mask syndrome], og svære fjell av vitskapleg evidens beviser at det er reelt. Til dømes avslørte forsking utført i 2021 at «langvarig bruk av covid-munnbind, anten heimelaga eller N95, kan forårsake alt frå fem til 20% tap av oksygen i kroppen, noko som fører til hypoksi, so vel som hyperkapni (for mykje karbondioksid i blodstraumen).» Hypoksi kan òg påverke utviklinga til fosteret og embryoet, so gravide kvinner er høgst sårbare overfor ODMS. Naturlegvis hadde det covid-industrielle komplekset ikkje tenkt å late massemedia dele denne livsviktige studien med den hjernevaska befolkninga.
Langvarig munnbindbruk kan ha livstrugande helseeffektar, so kvifor elskar so mange Demokratar og liberale å gå med covid-munnbleiene døgnet rundt, 365 dagar i året? Der finst ei enkel forklaring. Fordi dei høyrer til grein-covidianarane [engelsk Branch Covidians] som trudde av heile sitt hjarte på at det vil redde dei frå den sikre fortaping. Falske nyheiter frå deira høgt elska massemediakompleks, sosialmedia brukt som våpen, og dei slu trebokstavs statlege organisasjonane, inkludert CDC, FDA og WHO, har hjernevaska dei fullstendig.
Nesten alle som trur på dei falske nyheitene på TV og i avisene, lid av ein permanent forhøga tilstand av basillfrykt, òg kjent som mysofobi. Dette forstyrrar dagleglivet deira, sidan dei no har langt større vanskar å skilje mellom ein liten risiko for eksponering og ein alvorleg trugsel, so dei opplever panikk og angst kvar gong dei so mykje som tenkjer på basillar. Dette kan bli følgt av pustevanskar, rask hjarterytme, desorientering, kvalme, kjensler av skrekk, og panikkanfall. Pass dykk for covid-munnbind-frikane. Dei kan klikke når som helst.
Desse kroniske munnbind-brukarane, takka vere mRNA-sprøytene, brenner i tillegg «helselyset» i begge endar. Med andre ord aukar mangelen på skikkeleg blodsirkulasjon angst, depresjon og risikoen for å utvikle schizofreni [!]. Proppsprøytene tettar til blodkara deira, medan munnbleiene langsamt kveler oksygenforsyninga deira. Gjer dykk klare for fugleinfluensa-munnbindelskarane – dei kjem til å gjere alt so mykje verre.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som stiller seg ein tanke skeptisk til om munnbind kan føre til schizofreni.
