Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ein mann frå Italia er rekna som den fyrste pasienten i verda som har blitt diagnostisert med fire-i-éin mutantsjukdommen som media kallar covid-ape-AIDS-koppar.
Før dette trudde ein ikkje at Wuhan-koronavirus (covid-19) kunne sameksistere med apekoppar hjå same verten. No seier dei at dette er mogleg, truleg for å skremme verda til å frykte nok ein «pandemi».
Mannen testa visstnok positivt for covid etter å ha kome tilbake frå ein tur til Spania. Då han reiste til sjukehuset for å behandle eit utslett, fann mannen ut at han òg leid av apekoppar.
Som behandling vart mannen gjeven ei kombinert antiretrovirus-behandling som han vil måtte ta resten av livet fordi han òg har HIV. Sjå denne videoen. […]
(Sjå òg «Dei prøver å lage ‘pandemi’ av apekoppar igjen: WHO-direktør vurderer å erklære folkehelsekrise», publisert 9.august 2024.)
Dei har ikkje tenkt å gje seg med virusa
Du kan sikkert ane at nokon særs mektige menneske er desperate etter å piske frykt i den generelle befolkninga om nok ein covid-liknande sjukdomstrugsel. Dei prøvde med apekoppar, so fugleinfluensa, so apekoppar igjen, og no dette fire-i-eitt mutantviruset – kva vil bli det neste?
«Min herre, vi har dårlege nyheiter: kreften din fekk AIDS og vart smitta med apekoppar,» spøkte nokon på X om kor latterleg alt dette høyrest ut. «Den einaste måten å behandle dette på, er å skifte kjønnet ditt.»
Dersom nok menneske blir sjuke av underlege mutantsjukdommar som denne, er sjansen stor for at dei vil dundre ut nok ein «vaksine» i warp speed-tempo for å «behandle» alle so raskt som mogleg.
«Når dei byrjar å pushe ein apekoppe-vaksine og krev at alle går med munnbind, ikkje gløym korleis det starta,» skreiv ein annan.
Verdas helseorganisasjon (WHO) påstår at førekomsten av apekoppar har stige til eit sopass høgt punkt at dei erklærte ei folkehelsekrise av internasjonal bekymring førre veke, som er det høgaste alarmnivået under internasjonal helselov.
WHO-generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus kalla inn til eit møte førre veke for å diskutere ei mogleg helsekrise-erklæring. Mindre enn ei veke etterpå var det det som skjedde.
«Krisekomiteen sitt råd til meg, og til det afrikanske CDC, som i går erklærte ei folkehelsekrise av regional tryggleik, er på same linje,» skreiv Tedros i eit innlegg på X.
Påstanden er at mange ulike stammar av apekoppar sirkulerer i Afrika for tida, inkludert i Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Kenya, Rwanda og Uganda.
«I tillegg til andre utbrot av andre variantar av mpox i andre delar av Afrika, er det tydeleg at ein koordinert internasjonal respons er essensielt for å stoppe desse utbrota og redde liv,» la Tedros illevarslande til.
Som mange har sagt, er apekoppar ein seksuelt overførbar sjukdom som primært opptrer hjå homofile. Ein versjon av den kalla clade 1b blir overført «hovudsakleg via sex-nettverk», innrømte WHO på møtet førre veke.
«Å stoppe desse utbrota vil krevje ein skreddarsydd og omfattande respons, med samfunna i sentrum, som alltid,» sa Tedros.
WHO seier at dei tilbyr spesielle «maskiner» til afrikanske land som analyserer blodprøvar infisert med apekoppar. FN-byrået jobbar òg med laboratorium «for å sekvensere virusprøvar», sa Tedros.
So har vi alle desse pengane som WHO pøser inn i prosjektet. Opptil 15 millionar dollar vil bli brukt på «overvaking, førebuing og responsaktivitetar» mot den påståtte apekoppe-krisa.
«Apecovaids – eg kan knapt vente på vaksinen,» spøkte nokon på X.
På dette punktet driv dei berre og diktar opp ting.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
