Sex med Karl

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Ein mann med ramnsvart hår og grøne auge kom spankulerande ned gata og slentra inn på puben Folk & Røvere i tjukkaste Bergen sentrum. Klokka var fem på fire, og lokala var allereie temmeleg fulle.

Jenta i baren kunne ikkje ha vore ein dag over 24. Ho kledde seg som ei sigøynarspåkone. Ho hadde ein halv smykkebutikk rundt den fyldige halsen. Puppane hennar stod rett ut og såg ut som dei skulle eksplodere. Ho hadde ein nasering i sølv som saman med den breie nasen fekk ho til å likne ei ku. Ho såg på han med smale katteauge i det han nærma seg baren.

«Kva skal det vere, mister?» spurde ho i ein dialekt som var umogleg å plassere. Ho kunne vere alt frå sørlending til finnmarking.

«Ein halvliter,» sa mannen, før han sette seg på ein barkrakk. Ho byrja å tappe med eit uttrykk av djupaste keisemd i ballongansiktet. Glaset, med ei krone av skum, landa på disken. Han betalte kontant.

Fyren tok ein lang slurk frå ølen, før han såg rundt seg i lokalet.

«Karl?» laud ei jentestemme. Karl snudde seg rundt og såg på ei temmeleg nerdete jente med brunt, bølgjete hår, mørkeblå auge og ein sky og litt redd veremåte. Han granska ho frå hovud til tå. Ho var kledd i ei mørkeblå skjorte med kvite prikkar og eit par mørkebrune dongeribukser. Ho hadde på seg ei sjokoladebrun skinnjakke og bar på ei veske i liknande farge og stoff.

«I levande live,» sa han, før han sklei av krakken. – «Du er LCB?»

«L Cosplay Bitch, ja,» sa ho før ho lo snøftande og nasalt. Ho strekte han handa. – «Mitt ekte namn er Astrid.» Ho snakka med markant vossedialekt.

Han rekna med at ho hadde Tinder-namnet sitt frå rollefiguren «L» frå den japanske anime-serien Death Note. Frisyren hennar såg ut som den var inspirert frå desse låtteleg utsjåande figurane. Håret stod liksom til alle retningar, teikneserieaktig i stilen.

«Det er so flott å endeleg møte deg,» sa ho. Ho såg på det halvfulle ølglaset. – «Har du vore her lenge?»

«Eg kom her akkurat,» sa Karl. – «Eg var veldig tørst. Eg tok meg ein lang spasertur då eg stod opp.»

«Kor lenge skal du vere her i Bergen?» spurde ho i det ho sette seg. Han sette seg òg ned.

«Det vil tida vise. Det er eit billeg hotell, og eg har mykje pengar.» Han nikka mot baren. – «Kva vil du ha? Eg spanderer fyrste runde.»

«Åh…» Ho beit seg i leppene litt flau. – «Eg drikk eigentleg ikkje alkohol. Det gjer meg dum.»

«Bli med i klubben.» Eit fårete glis. – «Kom an, Astrid! Éin øl tek ikkje livet av deg.»

«Øh, okay då.» Ho vrei lett på seg. Ho hadde ei lett skjelvande stemme og såg litt anspent ut i kroppen. – «Det er kaldt ute.»

«Naturlegvis. Det er november. Det kalde novemberregnet er berykta. Berre spør Guns ‘n’ Roses!» Han flirte. Ho smilte lett. Han vende seg mot barjenta. – «To øl, er du snill.» Ho byrja å tappe øl medan ho gjespa med gapande kjeft.

«Du er helsefagarbeidar, er du ikkje?» spurde ho.

«Tidlegare helsefagarbeidar,» presiserte han. – «Eg jobbar ikkje lenger i helsevesenet. Eg burde sikkert ha oppdatert profilen min.»

«Greitt, tidlegare helsefagarbeidar. Kva jobbar du med no?»

«Eg tek meg eit friår. Eg har mykje pengar og ingen behov for å finne meg jobb på ganske lenge. Eg har den luksusen at jobbane kjem til meg, og ikkje omvendt.»

«Okaay…?» Ho vrei lett på seg.

«Og du? Kva var det du jobba med igjen?»

«Eg jobbar deltid i ein suvenirbutikk i Voss sentrum. Eg jobbar der måndagar og torsdagar. Resten av veka teiknar eg.»

«Teiknar du?» Han nikka imponert. Han drakk ivrig frå sin andre øl. – «Er du flink?»

«Du kan sjå sjølv.» Ho tok ut ei mappe frå veska og opna den. Den inneheldt ei tjukk bunke teikningar. Karl heva augnebryna.

«Dæven, du er god!» utbraut han. Teikningane var so realistiske at dei nesten såg ut som svart-kvitt-fotografi. – «Dei er so detaljerte!»

«Vel, eg har Asperger, so eg fokuserer intenst på detaljar.» Ho lo med eit snøft, før ho såg ned i bakken.

«Du er ein jævla bra artist, det er heilt sikkert,» sa Karl.

«Takk.» Ho sat der litt utilpass og leika med håret sitt. – «Eg… Øh, eg…» Stemma hennar skalv lett. – «Eg veit ikkje kva anna vi skal snakke om no.» Ho beit seg i leppene. – «Eg er ikkje so god på sosialisering. Eg held meg for det meste for meg sjølv. Eg har mi eiga kjellarleilegheit og ein katt ved namn Butters. Men bortsett frå det, er eg for det meste åleine. Kvar einaste dag.»

«Heiter katten din Butters?»

«Ja, oppkalla etter Butters i South Park.» Ho lo ganske so høgt, før ho snøfta. – «Eg kjenner meg igjen i han. Vennene hans får han alltid i vanskar med foreldra sine. Dei gjev han husarrest for alt mogleg. Foreldra mine var òg stygge med meg. Dei visste ikkje kva som var gale med meg. Eg fekk ikkje min Asperger-diagnose før eg var 16. Ni år sidan i dag. No er eg 25. Eg likar tal.» Ho kniste litt for høgt medan ho såg ned. – «Ikkje so mykje som eg likar å teikne, naturlegvis. Eg bruker truleg fire timar kvar kveld på å teikne. Eg har TV-en på i bakgrunnen for selskap. Butters ligg på fanget mitt eller på sofaen ved sida av meg.»

Karl såg på den småredde, sky jenta. Ho hadde ein edel ørnenase som fekk ho til å sjå riktig so staseleg ut. Ho møtte blikket hans, men veik straks unna. Han tok ein lang slurk av ølen sin.

«Kvifor ser du på meg?» spurde ho i ein nærast skuldande tone.

«Ta litt øl, Astrid,» sa han. Ho tok motviljug ein slurk. – «Orsak. Eg meinte ikkje å stire.» Han flirte.

«Eg godtek orsakinga di.» Ho kniste ganske so anspent. Ho snudde seg mot han nærast i panikk. – «Er du verkeleg god i noko, Karl?»

«Eg var ein god helsefagarbeidar. No har eg litt andre prioriteringar – for å seie det mildt.»

«Eg har lyst å illustrere. Eg drøymer om å bli profesjonell illustratør.»

«Vel, kva stoppar deg, Astrid?»

«Bortsett frå at eg er høgtfungerande autist, meiner du?» Ho såg brått stygt på han. Blikket hennar var gjennomtrengjande, om ikkje til og med gjennomborande. Det var det stygge blikket av eit liv av stengde dører. Karl misunna ho ikkje. – «Du er flink med språk. Eg er flink med teikningar. Du har mastergrad frå universitetet, det har ikkje eg.» Ho såg på han med djup fortviling i dei intense, oppsperra auga. – «Eg veit ikkje kva eg skal gjere for å få dei til å akseptere meg! Eg er på utsida, og eg frys!»

Karl følte ubehag av å sjå inn i dei intense auga hennar. For ein gongs skuld var det han som vende blikket vekk. Han måtte tenkje litt. Han drakk meir øl.

«Du fekk deltidsstillinga i den suvenirbutikken, gjorde du ikkje?» spurde han til slutt. – «Dei fleste med din–» Han kremta. – «…diagnose har ikkje arbeid i det heile. Samfunnet vil ikkje vedkjenne seg sånne. Dei hyrar tjuvar, mordarar og rusavhengige, men ikkje folk som har hjernar som ikkje bruker kvar einaste vakne augneblink på å passe inn i den superkonforme saueflokken som utgjer dagens samfunn.»

«Superkonform saueflokk?» Ho la hovudet litt på skakke igjen. So smilte ho. Smilet hennar var so vakkert. – «Eg likar det. Det er slik eg opplever det òg. Mesteparten av tida føler eg som eg kjem frå ein annan planet. Alt eg ser er folk som snakkar, snakkar og snakkar. Dei berre sit der og tyt. Dei seier liksom aldri noko. Det er berre endelaust babbel. Eg keiar meg sanselaus av normale folk!» Ho såg ned og la noko av håret bak det eine øyret. – «Eg ønskjer å snakke med folk som er som meg!» Ho spreidde låra sine og såg han djupt inn i auga. – «Eg ønskjer meg ei manne-Astrid

«Har du lyst å pule?» spurde Karl.

«Øh, hæææ?!» spurde ho, stemma gjekk i fistel. Ho såg på han vill i blikket, kjakane var raude som tomatar.

«Eg har eit hotellrom på Park Hotel ved Fotballpuben,» sa han. – «Vi stikk og kjøper litt øl og ein pastasalat på Rema 1000. Det er eit lite rom, men alt vi treng er senga. Lat oss ha sex.»

«Åh, hjelp, vil du ha sex med meg?!»

Stemma hennar gjalla i dei fulle lokala, noko som fekk alle til å snu seg mot dei med store auge. Karl følte seg ein tanke eksponert, men det å bryte sosiale kodar var jo noko dei med Asperger var kjende for å gjere.

«Ja, eg vil ha sex med deg, Astrid,» sa han, nesten kviskrande. Astrid såg ut som ein hjort i langlyset på ein bil. Ho sat der og visste ikkje kva rumpeball ho skulle sitje på. Ho såg søtt hjelpelaus ut. – «Drikk opp ølen din, so stikk vi.»

Til hans lette vantru greip Astrid glaset og hylte i seg innhaldet i éin samanhengande slurk. Høge svelgjelydar kom frå ho. Ho sleppte frå seg ein høg rap som vekk alle til å sjå på ho lettare indignerte.

Folk med Asperger forstod kanskje ikkje sosiale kodar. Men dei forstod konseptet samleie.

**

Det kalde novemberregnet slo imot vindauget då Karl og Astrid kom inn på det vesle rommet. Han sette frå seg eit berenett med ein sekspakning øl og to pakkar pastasalat. Astrid, som var synleg nervøs og skjelven, såg seg rundt i rommet, før dei mørkeblå auga hennar fokuserte på ein berbar PC – og berre på den. Ho tok av seg skinnjakka og skoa. Ho førde ei skjelven hand gjennom sitt bølgjete anime-hår. Karl førde ein finger nedover skuldra hennar. Ho snudde seg mot han og beit seg i leppa.

«Du har ein Acer,» sa ho. – «Det er det same merket som eg har. Eg har òg ein scanner, som eg bruker å scanne teikningane mine. Eg har dei på min DeviantArt-konto.»

«Hmm, eg har høyrt om DeviantArt,» sa han. – «Dei fjernar teikningar som avvik frå deira eigne vilkårlege retningslinjer. Dei kallar seg sjølv deviants (avvikarar), men dei aksepterer ikkje deviations (avvik). Dei kallar det ‘pornografisk’ eller ‘obskønt’.»

«Eg er ikkje ein avvikar,» sa ho. – «I det minste ikkje når det gjeld sex. Eg har ikkje eingong kyssa nokon, langt mindre hatt sex. Eg har vore 25 år utanfor sexsirkelen og har aldri fått kome inn.»

Karl tok hendene hennar og gav ho eit kyss på dei mjuke, fyldige leppene. Ei anspent blanding av knising og klynking kom frå ho.

«So det er slik eit kyss kjennest ut,» sa ho med ei mild stemme, der ho stod og såg på han med store, tindrande auge.

«Skal vi skru på TV-en slik at vi får musikk når vi skal pule?»

«Pule… Det er slikt eit vulgært ord. Eg får ein rar smak i munnen kvar gong eg ser, høyrer eller skriv det ordet.»

«Eg tek og slår på TV-en.»

Snart kom det 1980-talsmusikk, tilfeldigvis ein song av Peter Gabriel. Astrid fekk eit rart uttrykk i ansiktet. So braut ho ut i lått.

«Kva som er so morosamt?» spurde Karl.

«Kva er denne musikken for noko?» spurde ho.

«Peter Gabriel. Du må då ha høyrt om han.»

«Han har slik ei rar stemme. Han høyrest ut som Gollum!»

«Gollum. Den samanlikninga er ny for meg. Det har eg ikkje tenkt på.»

«Stemma hans er so rar og morosam.» Ho stod framfor senga og vrei på seg. – «Øh, kan vi kysse igjen? Det kjendest temmeleg godt ut.»

Temmeleg godt… Karl himla med auga. Jenta kunne ikkje hjelpe for at ho var autistisk, men berre nokon med Asperger kunne omtale kyssing som «temmeleg godt». Karl la armane sine rundt ho og dei byrja å kline. Dei la seg raskt ned i dobbeltsenga. Han klauv over ho og heldt armane hennar over hovudet på ho. Ho kniste og lo då han byrja å kysse, suge og slafse i veg på halsen hennar. Han tykte han kunne kjenne lukta av kjønnet hennar. Astrid såg ut til å meine at dette òg var «temmeleg godt».

Akkurat i det han stakk hendene sine under skjorta på ho og kjende den varme, glatte og mjuke huda, byrja ein smarttelefon å ringje. Det høyrdest ut som ei sykkelbjølle.

«Det er min,» sa ho, før ho strekte seg etter jakka på golvet. Ho såg på skjermen. – «Det er mamma.»

«For ein merkeleg ringjetone…!» mumla Karl, temmeleg oppgira der han låg.

«Mamma, eg kan ikkje snakke no!» Stemma hennar høyrdest frenetisk, panikkslegen og stønnande desperat ut. – «Eg skal til å ha sex med Karl!»

Karl lukka auga ein augneblink og bles. Kjerringa i andre enden gjekk i fistel. Dette moderlege utbrotet fekk Astrid til å skvette slik at ho miste telefonen i senga. Karl trykte resolutt på den raude knappen og avslutta samtalen. Astrid skalv som eit ospelauv i det han installerte seg oppå ho igjen. Puppane hennar duva so herleg i det han igjen stakk hendene under genseren.

Telefonen byrja å ringje igjen. Sykkelbjølla. Det var ikkje overraskande ho mor igjen.

«Ikkje ta den,» sa han.

«Ho kjem til å bli so uroleg om eg ikkje tek den,» sa ho, før ho svarte. – «Mamma, eg sa at eg skal til å ha sex med Karl.» Hysteriske skrik høyrdest frå andre enden. – «Mamma, eg er 25! Det er på tide at eg får oppleve gledene til ein mann!» Meir skriking og gneldring laud. Ho såg på han med sine store, tindrande auge. – «Karl, mamma vil vete om du skal bruke kondom.»

«Øh, javisst,» laug han. Frå jakkelomma på golvet fiska han opp eit uopna kondom som han viste til ho.

«Ja, han viser meg kondomet no,» sa Astrid. – «Ikkje ver roleg, mamma. Eg ringjer deg seinare.» Meir høglytt rabalder. – «Kor lenge det tek?» Ho såg på han. – «Karl, kor lenge varer eit samleie?»

«Øh, ikkje so altfor lenge,» sa han. – «Nett som eit dobesøk.»

«Fem minutt?»

«Kanskje to eller tre (om eg held ut so lenge).»

«Åh, ikkje lenger?» Ho trekte på skuldrene. – «Vel, då ringjer eg igjen om ti minutt. Hadet, mamma.»

Ho la smarttelefonen på nattbordet. Ho låg der i senga og såg opp på han med raude, kokande kjakar.

«Kva gjer vi no? Eg har aldri eigentleg funne ut kva som skjer under samleie mellom menneske.» Ho smilte ivrig. – «Er det det same som sex mellom fisk?»

«Nei, på ingen som helst måte…!» Han vart meir og meir opphissa. – «Har ikkje du sett på porno?» Ho rista på hovudet i avsky. – «Smart jente. Forstandige folk burde ikkje sjå på den skiten.» Han tok av genseren og buksene. – «Vi kan jo starte med å kle av oss. Å ha sex fullt påkledde ser rett og slett dumt ut.»

Snart stod han der på kne i senga, splitter naken. Astrid, framleis fullt påkledd, låg der og stira på kuken hans, som stod og strutta, sprengjeferdig og klar til dyst. Ho byrja å knise med open kjeft. Karl kjende seg ein tanke utilpass.

«Den er jo lilla,» sa ho. – «Skal den greia liksom inn i meg?»

«Visst skal den det.» Kuken lea lett på seg då han trekte på skuldrene. Astrid dekte munnen og kniste høglytt.

«Den rører so rart på seg,» fniste ho. Karl dansa lett i senga framfor ho, noko som fekk kuken til å både hoppe og sprette. Jenta lo so ho heldt på å pisse seg ut, låtten song i veggane. – «Penisar er rare dyr!»

«Det er dei jaggu meg,» sa han med eit flir. – «No, kle av deg og lat oss setje i gang…!» Han var so kåt at auga kryssa seg.

«Eg meiner, menn er verkeleg underlege vesen!» lo ho. – «Store vesen med djupe stemmer og desse rare tingestane mellom beina! Eg veit ikkje om eg nokosinne kan sjå på ein mann igjen utan å bryte ut i lått!» Heile kroppen hennar skalv av lått. Ho var framleis fullt påkledd. – «Kan du få den til å hoppe og sprette meir? Eg ler so eg held på å daude!»

Karl spratt ut av senga og byrja å danse framfor ho, så kåt at han heldt på å gå i lufta. Ho lo so han såg ned i halsen på ho. Jenta fall over i senga og hylte av lått. Han vrei og vrikka elegant på seg, noko som fekk kuken og ballane til å sprette og dirre. Astrid tok opp telefonen sin og byrja å filme han.

«Øh, kva driv du med…??» spurde den sjukt opphissa mannen. Kjønnsvæske draup ut av han.

«Eg filmar deg,» kniste ho. – «Eg skal sjå den videoen seinare. Kanskje vise den til sjefen min òg.»

Karl såg stygt på ho med store auge. Okei. Det var ekstremt gode grunnar til at denne jenta aldri hadde hatt sex før!

«Astrid, du kan ikkje filme nakne menn og vise filmen til sjefen din…!» stønna han. Han måtte kome og han måtte kome no! – «Eg er temmeleg sikker på at dette er eit brot på arbeidsreglementet…! Du kjem til å få sparken…! Og noko seier meg at du nok vil få vanskar med å finne ein ny jobb…!»

«Åh…» Ho slutta å filme medan ho beit seg i leppa. – «Korleis kjennest det ut å ha ein tissemann?»

«Snart vil du finne ut korleis det er å ha ein tissemann inni deg…!!» sa han i det han klatra opp igjen i senga. Penishovudet hans kjendest ut som det skulle kløyvast i to. – «No, kan du vere so snill å kle av deg…??»

«Kan eg røre den?» Ho la telefonen på nattbordet. – «Eg har aldri rørt ein tissemann før.»

«Øh, ja det kan du få lov til…!!» sa han. Han strekte og vrei på seg framfor ho. Meir kjønnsvæske draup ut av den sprengjeferdige, struttande kuken. Ho lente seg fram og såg med nærast vitskapleg nysgjerrigheit på kjønnsorganet. Dei delikate dokkefingrane hennar landa varsamt på kukhovudet.

«Det kjennest ut som eit kokt egg,» sa ho. – «Kva er den glatte væska for noko?» Ho fekk kjønnsvæske på fingrane, og den glinsa lett mot den bleike huda.

«Det er smørevæske, i mangel av eit betre ord…!! Du har nok rikelege mengder av det du òg no…!!» Heile kroppen hans var på kokepunktet.

«Ja, det skjer heile tida. Eg har so mykje slim og smørevæske der nede kvar dag. Eg veit ikkje kva eg skal gjere med det.»

«Har du aldri onanert…??»

«Øh, kva er onanere?»

«Å, i helvete…!!» Det var like før det gjekk for han. – «Sex med deg sjølv…!! Har du aldri brukt fingrane der nede…??» Han strekte seg nærast i pine.

«Det… trur eg faktisk aldri eg har gjort.» Ho sat der tankefull. – «Nei. Eg meiner, eg tørkar meg sjølv når eg har tissa, og eg stikk av og til ein tampong opp der når det kjem blod. Men eg plasserer aldri fingrane mine der nede.»

«Har du nokosinne hatt orgasme…??»

«Nokon gonger kitlar det når eg dusjar. Då flirer eg og blir ganske flau.»

Karl såg på ho lenge. Han ønskte verkeleg å lære ho mirakelet rundt sex, fordi ho hadde mykje å lære. Faktisk hadde ho alt å lære. Med hennar eigne ord hadde ho levd heile livet utanfor «sexsirkelen».

«Astrid…!!» stønna han i det han følte vulkanen var nær ved å få utbrot. Ho såg merksamt på han. – «Kan du pliiis få av deg dei kleda…?? Skal eg hjelpe deg…??»

Det var faen meg enklare å få av kleda på demente, nittiårige kjerringar når dei skulle leggje seg!

«Kan eg røre den igjen?» spurde ho. Fingrane hennar glinsa framleis av kjønnsvæske.

«Ja…!!» stønna han utolmodig.

Ho landa igjen fingrane klønete på kukhovudet. Fingrane hennar tromma lett på det svulmande organet. Karl vrei seg framfor ho. Trykket vart høgare og høgare.

«Eg vil sjå ein film i staden for,» sa den 25 år gamle jomfrua og spratt utilpass ut av senga.

Sekundet etter spruta Karl over heile senga. Astrid snudde seg og såg med store auge og gapande kjeft på dette.

«Øh, kva faen skjedde no?» spurde ho med ei lys stemme av lamslegen forundring. Sæd draup i tjukke kaker frå kuken, før utbrotet endeleg stoppa opp.

«Eg… eg ejakulerte,» sa han med glødande kjakar.

«Åh. Var det det?» Ho leika med sitt bølgjete anime-hår. – «Hadde vi sex akkurat no? Vil eg bli gravid? Med ein baby?»

Han spratt ut av senga og såg i avsky på dei tilgrisa sengekleda.

«Nei, det er høgst usannsynleg,» sa han. – «Dette var ikkje sex. Sex krev minst to nokolunde samtykkjande menneske (og enkelte tek litt for lett på samtykke).»

Ho sukka i forståing.

«Kva gjer vi no, då?» spurde ho. – «Er vi kjærastar no?»

Karl såg igjen på dei tilgrisa sengekleda. Deretter såg han ned på den slappe kuken. Han pusta djupt inn og sukka. Han snudde seg mot ho.

«Okay, Astrid. Her er kva som kjem til å skje no. Ein, eg kler på meg og fjernar sengekleda frå senga. To, du tek toget tilbake til Voss. Tre–»

«Eg kom ikkje med toget. Eg tok bussen.»

Karl sukka tungt igjen, før han kneip lett naseryggen mellom auga:

«Tooo, du tek bussen tilbake til Voss. Tre, vi møtest aldri igjen.»

Han gjekk inn på det knøttvesle badet, fann ein rull med toalettpapir og byrja å tørke vekk den glinsande sæden frå kuken, ballane og stort sett heile underkroppen. Astrid stod i døropninga og såg på han med sine store, tindrande auge.

«Vil vi aldri møtast igjen?» spurde ho forvirra.

«Nei, vi møtest aldri igjen. Aldri nokosinne. Ikkje i dette livet.» Han gjekk inn på rommet og kledde på seg. Astrid følgde etter han, framleis fullt påkledd.

«Er dette ein normal ting å gjere?» spurde ho.

«I dette tilfellet, JA!» svarte han.

Han reiv dei sædglinsande lakena av senga, rulla dei saman og la dei inne på badet.

«Astrid, no skal du ta på deg jakke og sko og forlate dette rommet,» sa han. – «Gå til busstasjonen, finn bussen din og forlat byen. Far heim til mora di og sei at du framleis er jomfru, og at du aldri skal prøve noko liknande igjen. Eg trur ikkje det er forsvarleg for deg å gje deg i veg med sex, mannfolk og alt det styret. Okay?»

«Okay.» Ho nikka på ein komisk formell måte.

Ho tok raskt på seg jakka, før ho tok på seg og knytte skoa heilt perfekt (det var dei vakraste knutane Karl nokosinne hadde sett). Ho stod ved døra og heldt på veska si. Karl sat på stolen ved det vesle skrivebordet, særs ivrig etter å bli kvitt ho.

«Farvel for alltid, då,» sa ho, før ho vinka med fingrane med eit vagt smil om leppene.

«Farvel for alltid, Astrid,» sa Karl.

Ho opna døra. Det bølgjete anime-håret forsvann derifrå. Ho lukka døra på ein ulasteleg høfleg måte.

«Åh, ikkje eit sekund for tidleg!» stønna han til det tomme rommet. Han fiska opp ein ølboks frå berenettet, opna den og tok ein lang slurk. Deretter løfta han opp røyret på telefonen på skrivebordet. – «Hallo, er dette resepsjonen? Eg treng eit nytt sett med sengekle, er du snill.»

Kommenter innlegget