Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Politiet i Storbritannia har fått autorisasjon frå staten til å byrje massearrestasjonar av borgarar som legg ut innhald på sosiale media som har blitt «debunka» [vurdert som usant] av Facebook-faktasjekkarar.
Sky News rapporterer at ei britisk kvinne har blitt arrestert av Cheshire-politiet for å legge ut innhald som er vurdert som «falskt» av faktasjekkarar.
Modernity.news rapporterer: Den 55 år gamle kvinna vart arrestert i nærleiken av den nordlege byen Chester på grunn av «mistanke om publisering av skrive materiale for å nøre oppunder rasehat og falsk kommunikasjon».
Chief Superindentent Allison Ross kom med ei melding som forklarte korleis innlegget visstnok skal ha «vore drivstoff» for protestane og opptøyane i Storbritannia den siste veka, som ho slo fast byrja som eit resultat av «vondsinna og unøyaktig kommunikasjon på nettet».
Ross sa at arrestasjonen var ei åtvaring til andre om «farane ved å leggje ut informasjon på sosialmedieplattformer utan å sjekke sanningsgehalten» og at «vi er alle ansvarlege for våre handlingar».
Det britiske politiet driv no og arresterer folk for å ta feil på nettet. Lat dette søkkje inn.
Truleg vil kvinna bli kasta i fengsel saman med folk som var til stade på protestane, slik som Steven Mailen, som har fått 26 månaders fengsel for å «rope» til politibetjentar.
Som vi [The People’s Voice] sette søkjelys på tidlegare, åtvara leiaren for Met Police, Sir Mark Rowley, at «tastatur-krigarar» kan bli sikta for terrorisme for å vigle opp opptøyar på nettet, sjølv om dei bur i utlandet.
Britar har òg blitt åtvara om at berre det å gjendele informasjon om opptøyane kan føre til strafferettsleg påtale.
Stephen Parkinson, direktør for offentlege påtalestyresmakter [Director of Public Prosecutions], sa til Sky News at folk ikkje ein gong treng å personleg leggje ut innhaldet for å bli vurdert som utøvar av ei straffbar handling.
Parkinson sa at sosialmedie-brukarar kan bli skuldige i «oppvigleri til rasehat» dersom dei legg ut «fornærmande eller valdeleg» innhald som «sannsynlegvis vil nøre oppunder rasehat».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
