Dei fleste ukrainarar hatar Zelensky, ifølgje Lukashenko

Russia Today (RT) melder:

Den ukrainske regjeringa har ikkje kontakt med sitt eige folk, som ikkje ønskjer å døy i den noverande konflikten mellom Kiev og Moskva, seier den kviterussiske presidenten Aleksander Lukashenko, og legg til at Vladimir Zelensky har mist støtta til fleirtalet av borgarane i nasjonen.

Nynazist-ideologien til Kiev resonnerer ikkje med befolkninga i Ukraina, sa den kviterussiske leiaren i eit intervju med kanalen Russia-1 på sundag [18.august 2024].

«Der finst ikkje lenger nokon nazistar,» hevda han, og argumenterte at dei få gjenverande «rabiate» nasjonalistane i Ukraina «ikkje lenger set trenden», sa presidenten. Altso har nabolandet i praksis blitt «av-nazifisert».

Ifølgje Lukashenko «hatar» rundt 70% av ukrainarane «Zelensky fordi han lover éin ting og gjer ein annan; fordi folk døyr». Den kviterussiske leiaren gjekk ikkje i detalj om statistikken bak estimata sine, men sa at hans eigen nasjon nyleg har opplevd ei stor tilstrøyming av ukrainarar i kampdyktig alder som «flyktar frå krigen» saman med familiane sine.

Kviterussland gjev enkelte av dei arbeid og stad å bu, sa Lukashenko, medan andre flyttar vidare til vestlege nasjonar. «Av dei er 99% menn som ikkje ønskjer å kjempe,» la presidenten til.

Spørjeundersøkingsresultat publisert av Kiev internasjonale institutt for sosiologi (KIIS) i byrjinga av juni antyda at rundt 43% av ukrainarar trur demokratiet i tilbakegang under Zelensky. At dei la 28% skulda på styresmaktene, medan berre 11% peikte på konflikten med Russland som hovudårsaka til tilbakegangen. Nesten halvparten av respondentane sa òg at økonomiske forhold, inkludert gjennomsiktigheit og kor rettferdig regjeringa er mot føretak, har blitt verre under Zelensky sitt styre.

Zelensky sit framleis med makta i Ukraina sjølv om perioden hans offisielt gjekk ut 20.mai. Politikaren valde å forkaste presidentvalet, dette var ifølgje han sjølv på grunn av krigslovene som han innførde på grunn av den noverande militære konflikten.

Den russiske presidenten Vladimir Putin argumenterte at den ukrainske leiaren sin legitimitet som president «har gått ut på dato». Ifølgje Den russiske utanriks-etterretningstenesta (SVR), hadde Zelensky ein godkjenningsprosent på 17% til og med før perioden hans offisielt gjekk ut. «Meir enn 70% av befolkninga har mistillit til alle ukrainske media, medan rundt 90% har lyst til å forlate landet,» sa SVR i mai, og la til at situasjonen har skapt bekymring òg blant Kiev sine vestlege støttespelarar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget