Vitskapsfolk gjev «klimaendring» skulda for auke i BARNEEKTESKAP

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

Vitskapsfolk driv no og seier at klimaendring har skulda for den markante auken i barneekteskap i muslimske land rundt om i verda.

Ifølgje Agence France-Presse (AFP), får menneskeskapt global oppvarming pedofile til å gifte seg med jenter under lovleg alder på grunn av den «økonomiske utryggleiken» skapt av klimaet.

DailySceptic.org rapporterer: I ein artikkel smekkfull av feil som har blitt gjengjeven i mange publikasjonar rundt om i verda, hevdar det franske, statleg eigde nyheitsbyrået at flaum i Pakistan i 2022 sette ein tredjedel av landet under vatn. Ved å sjå på eit konturkart kan ein sjå at dette er usannsynleg – til og med umogleg – og det ekte nivået av overfløyming var rundt 8-10%. Til og med BBC sitt statistikkprogram More or Less bekrefta dei langt lågare tala. AFP påstår at «vitskapsfolk seier» at klimaendring gjer monsunane tyngre og lengre, «aukar risikoen for jordskred, flaum og langsiktig skade på avlingar». Dette blir sagt å føre til den nye trenden «monsunbrurer», sidan familiar gjev vekk jentebarna sine i byte mot pengar. Men massive flaumar i dei lågtliggjande delane av Pakistan er ikkje noko nytt. I den nylege fortida – i 1950, 1992, 1993 og 2010 – drap dei meir menneske enn dei gjorde i 2022.

AFP-nonsenshistoria er berre den siste i ei tidevassbølgje av hovudstraums-skremselspropaganda som er laga for å setje i verk Net Zero [«netto-nullutslepp»]. Det krev eit emosjonelt tema og festar sin lit til udokumenterbare påstandar om klimaendring forårsaka av menneske. Kjenslene er openberre, men falske påstandar om nedbørsvolumet og overfløyminga til ein nyleg flaum blir gjort. Trur dei som skriv dette stoffet at ingen vil sjekke fakta og kjeldene deira? Tydelegvis ikkje.

AFG [dei meiner AFP; oms.an.] er eit organ under den franske staten og satsar alt på å groome verda til å akseptere Net Zero. Klimasida blir styrt av Marlowe Hood, som skildrar seg sjølv som «menneskeæraen sin bodbringar». Visseleg ser all denne bodbringinga ut til å vere særs profitabelt for Hood, som nyleg fekk 88 000 pund frå stiftingsgreina til ein spansk bank som er tungt involvert i finansiering av grøn teknologi. Nyleg spelte han ei større rolle i å organisere det som til slutt vart ei tilbaketrekking av ein artikkel skriven av ei rekkje italienske fysikkprofessorar som undersøkte klima- og vêrdata lagt ut av det mellomstatlege Panel on Climate Change (IPCC), og konkluderte at der ikkje var noka klimakrise.

Under leiinga til professor Gianluca Alimonti ved Milan universitet, fann professorane ut at nedbørsintensistet og -frekvens var statisk i mange delar av verda. Andre meteorologiske kategoriar som inkluderte naturkatastrofar, flaumar, tørke og økosystemproduktivitet, viste ingen «tydeleg positiv trend relatert til ekstremhendingar». Ingenting av dette ville vere noka nemneverdig overrasking for alle som har lese IPCC-rapportane, men Hood hevda dataa var «grovt manipulerte» og «fundamentalt uriktige». Den distingverte vitskapsforfattaren Roger Pielke JR. har dekt Alimonti-skandalen i detalj og skriv: «Fantestrekane held fram innan klimavitskap, der påverknadskraftige vitskapsfolk rottar seg saman med journalistar for å korrumpere fagfellevurderingar.»

Tre AFP-skribentar tek for tida eit halvt år fri for å gå på det nyaste Oxford Climate Journalism Network (OCJN)-kurset, som blir finansiert av elite-milliardærpengar inkludert bidrag frå Sir Christopher Hohn, ein fortidig bidragsytar til øko-fjolsa i Extinction Rebellion. Dei er Ivan Couronne, redaktør i Future of the Planet, Sara Hussein, journalist i Future of the Planet, og byråredaktør Linda Tonn. Kurset gjev ei fordjuping i det korrekte politiske narrativet som ligg rundt klima-«kollaps», den sokalla «etablerte» vitskapen og behovet for dei ekstreme Net Zero-tiltaka. Dette semesteret inkluderer BBC-deltakarar senior-klimadata-journalist Becky Dale og Samah Hanaysha, ein London-basert kringkastar for BBC Arabic. Interessant nok vil alle desse deltakarane få selskap av Ellen Ormesher i DeSmog, ein stiftingsbasert operasjon som publiserer ei «svarteliste» av sokalla klimafornektarar. Tragisk nok ser ikkje lista ut til å bli jamleg oppdatert for tida, kanskje fordi den har blitt for stor!

Fortidige talarar på OCJN har føreslege «bøter og fengsel» for dei som uttrykkjer skepsis om «velstøtta» vitskap, og åtvara journalistar om bruken av fotografi av folk som nyt vêret utandørs under påstått «ekstremt» sommarvêr. Infantile forslag kjem, som ber deltakarar skrive ei historie om mango, og diskutere kvifor den ikkje smaker so godt som året før på grunn av klimaendring.

Alt dette forklarer korleis historier om klimaendring fører til fleire barneekteskap, og endar opp i stadig meir upopulære artiklar. Dei siste tre åra har Paul Homewood dekt klimablunderane i BBC, og han oppsummerte dette året si utgåve i gårsdagens Daily Sceptic. Den tek føre seg fleire tabbar som har gjort nasjonen meir munter. Vi lo alle godt då vi vart mint om Matt «Yes, we have no bananas» McGrath, som rapporterte at klimaendring utgjorde ein enorm trugsel mot bananforsyninga. Produksjonen har auka til det seksdobbelte sidan 1960-yalet. Eller bløffen om ølmangel. Visstnok kunne det bli for varmt til å dyrke avlingar i Kent, sjølv om det ikkje er eit problem for bønder i klimaet i Sentral-Europa, men igjen lét dei ikkje fakta kome i vegen for ei god historie. So har vi alle desse korallreva som visstnok døyr, medan Great Barrier Reef i den verkelege verda stadig set nye vekstrekordar. […] Igjen, slik som med barnebrur-historia, kvifor blir ikkje elementære fakta sjekka for å stoppe alt dette alarm-tøvet frå å bli trykt i fyrste omgang. Å vere til stade på klima-groomingskurs finansiert av elitemilliardærar med ein openberr politisk agenda vil fylle kvar ein uavhengig gravejournalist med skrekk.

Som Homewood skriv, har mange konkludert med at BBC si dekning av klimaendring ikkje er påliteleg. Kommentarane hans kunne likeins gjelde mange andre hovudstraumsformidlarar. «I årevis har behandlinga deira vore einsidig, fullt av feilinformasjon og til tider faktiske reil, saman med utelating av alternative synspunkt og upassande fakta,» observerer han. Temmeleg mykje òg.

Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget