2000 innsette skal sleppast ut før tida for å frigjere plass for opptøydømde i Storbritannia

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Nesten 2000 innsette i Storbritannia skal sleppast ut på same dag neste månad for å frigjere plass for dei som har blitt dømt i dei nylege opptøyane.

Den fyrste puljen med dømde, som har sona mindre enn fem år, har alle blitt utvalt til tidleg lauslating 10.september.

Ein andre pulje på opptil 1700 fangar, som alle har blitt fengsla i meir enn fem år, skal sleppast ut månaden etter, 22.oktober.

Den britiske statsministeren Sir Keir Starmer sa at den noverande overbefolkninga i britiske fengsel ikkje kjem til å stoppe staten frå å ta ei slik tilnærming til opptøy-deltakarane.

The Mail Online rapporterer: Det kjem etter at lova vart endra, slik at dei kan lauslatast etter å ha sona 40% av dommen sin, i motsetnad til 50% no.

Justisministeriet (MoJ) sette i verk krisetiltak i Nord-England i går [19.august 2024] for å hindre overbefolkningskrisa i fengsel i å bli verre i område der opptøy-deltakarar har ført til ekstra press på fengsel.

Ein kriseplan, Operasjon Early Dawn, er laga for å ta fengselstenesta velberga fram til 10.september.

Planen vart tidlegare utløyst i mai og tvingar betjentar til å halde mistenkte i cellene deira, eller sleppe dei ut på kausjon fram til ei fengselscelle blir tilgjengeleg.

Eit gjeve fengsel vil ikkje sleppe ut meir enn 100 fangar 10.september, slik ein forstår det.

MoJ sa at alle lauslatne vil bli nøye overvaka av Prøvelauslatingstenesta ved hjelp av metodar slik som portforbod og elektronisk merking.

Alle forbrytarane vil bli sette inn igjen dersom dei bryt prøvelauslatingsvilkåra.

Meir enn 1000 menneske har blitt arresterte i samband med opptøyane, og rundt 470 har blitt tiltala for brotsverk.

Statsminister Sir Keir Starmer sa: «Vi har teke vanskelege avgjerder, vi har vore i stand til å bevise at dersom du forstyrrar ro og orden, kan du forvente å bli køyrt gjennom kriminalrettssystemet raskt, og vi skal halde fram på det viset.»

Mark Fairhurst, leiar i Prison Officers’ Association [ei fagforeining for fengselstilsette; oms.an.], sa: «Det er for tida forseinka rettferd, fordi vi ikkje fyller politiceller, so dei kan måtte utsetje enkelte av operasjonane sine.

Når dei arresterer folk, må dei sikre seg at dei har ein stad å setje dei i varetekt, fordi vi fangar kan fylle opp cellene hjå politiet. Naturlegvis vil dei [politiet] måtte betale overtid [til dei tilsette] for at fangar skal kunne bli overvaka.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget