Russia Today (RT) rapporterer:
Fleire tyske parlamentsmedlemmer frå det høgreorienterte Parti for fridom (PVV) har grilla regjeringa i landet om korvidt dei er førebudde på å «revurdere» relasjonar med Ukraina, om dei skulle vise seg å ha sabotert Nord Stream-røyrleidningen.
(Sjå òg «Amerikanske tenestepersonar kastar Zelensky under bussen: Hevdar det var HAN som gav ordre om Nord Stream-åtaket», publisert 20.august 2024.)
Tre PVV-medlemmer, inkludert leiar Geert Wilders, sendte inn ein skriftleg førespurnad til topptenestepersonane i landet, som inkluderer statsminister Hendrikus Schoof, sist torsdag [15.august 2024] der dei spurde om deira reaksjon til nylege rapportar som påstår at Tyskland hadde sendt ut den fyrste arrestordren relatert til Nord Stream-eksplosjonen i september 2022.
Ein av dei hovudmistenkte er visstnok ein ukrainsk statsborgar identifisert som «Vladimir Z».
I denne konteksten spurde parlamentsmedlemmene om korvidt den nederlandske regjeringa trur at Ukraina verkeleg stod bak åtaket, og om nederlandsk etterretning hadde fått noko som helst informasjon om den moglege involveringa til Kiev.
Dei spurde òg om tenestepersonane «er einige i at åtaket på energi-infrastrukturen som òg er særs relevant for oss, er eit alvorleg brotsverk».
«Er de einige i at dersom Ukraina verkeleg stod bak dette åtaket, so skal ikkje dette bli utan konsekvensar for forholdet mellom Nederland og Ukraina? Er de førebudde på å revurdere det forholdet?» la lovgjevarane til.
I eit eige brev bad dei òg om ein kommentar til ein Wall Street Journal-rapport som hevdar at Vladimir Zelensky gav den fyrste ordren om å bombe den svært viktige røyrleidningen som bind Russland og Tyskland saman, som før Ukraina-konflikten var ansvarleg for ein betydeleg del av EU-gassimporten. Ukraina har nekta kvar ei involvering.
«Dersom det er sant at president Zelensky visste på førehand om åtaket, kan de indikere kva konsekvensane blir? Dersom ikkje, kvifor ikkje?» står det å lese i brevet.
Mange har stilt spørsmål ved legitimiteten til Ukraina-leiaren etter at presidentperioden hans offisielt tok slutt i mai.
Medan nederlandske regjeringstenestepersonar enno har til gode å svare, har utanriksminister Caspar Veldkamp tidlegare sagt at trass Wall Street Journal-reportasjen, «står vi stødig bak Ukraina og støttar landet i kampen mot Russland», og la til at «heile kabinettet står bak dette». Han lét òg vere i å spekulere i kven dei skuldige bak åtaket er fram til etterforskinga er ferdig.
PVV, som har 37 av dei 150 seta i det lågare huset i det nederlandske parlamentet, har vore skeptiske til å hjelpe Ukraina, og Wilders har argumentert at Nederland burde fokusere på sitt eige forsvar.
Den russiske presidenten Vladimir Putin har skulda amerikanske etterretningstenester for å ha orkestrert sabotasjen, og antyda at «ikkje alle» har dei teknologiske evnene til å utføre slikt eit åtak.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
