Lukasjenko: Ukrainarar vil snart innsjå at dei har blitt brukt av Vesten

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:

Det ukrainske folket vil til slutt innsjå at USA og deira allierte har behandla dei som kanonføde, ifølgje den kviterussiske presidenten Aleksander Lukasjenko.

 Han åtvara at det austeuropeiske landet snart vil bli dumpa.

I eit intervju med Russia 1 TV sundag [18.august 2024] argumenterte Lukasjenko at den ukrainske leiaren Volodymyr Zelensky har mist støtta til vanlege ukrainske borgarar.

RT rapporterer: Han sa at mesteparten av dei «rabiate nasjonalistane» som ein gong brukte å setje agendaen i Kiev, no er døde.

«Når dei innser at dei rett og slett vart brukte, for so å bli dumpa, vil ukrainarane kome til oss,» sa Lukasjenko. «Vi kjem til å byggje opp alt som har blitt øydelagt, men i ein høgare standard.»

Ifølgje presidenten i Kviterussland ønskjer Vesten å gjere ukrainske menn til kanonføde, og kvinnene deira til sexslavar.

«Vakre ukrainske kvinner tener kort fortalt til livets opphald gjennom prostitusjon. Og menn blir brukt på kva enn slags måte [Vesten] vil,» sa Lukasjenko. «No ønskjer dei å sende dei til frontlinja.»

Nær tre fjerdedelar av ukrainarar «hatar Zelensky», argumenterte Lukasjenko, «fordi han lover éin ting og gjer ein annan; fordi folk døyr.» Den tidlegare skodespelaren vart valt til president i 2019 på bakgrunn av ein lovnad om at han skulle finne ei fredeleg løysing på konflikten med Donbass-republikken, men han enda raskt opp med å innføre den same fiendtlege politikken som sin forgjengar.

(Sjå òg «Dei fleste ukrainarar hatar Zelensky, ifølgje Lukashenko», publisert 20.august 2024.)

Lukasjenko sa at han hadde åtvara Zelensky om at Vesten er lunefull. Ein ny president i USA kan «nekte å respektere gamle avtalar», og sjølv om Storbritannia gjev han nok pengar til å kjøpe eit gods ein eller annan stad, er sjansen stor for at ukrainsk etterretning kjem til å utføre attentat mot han fordi han er ein forrædar, hevda den kviterussiske leiaren.

Som eit døme for ukrainarar på kva ein ikkje skal gjere, peikte Kviterusslands president på Armenia, der regjeringa nyleg har vendt seg til USA og Frankrike.

«Men kva slags politikk er det?» spurde Lukasjenko. «Frankrike? [Emmanuel] Macron? Macron kjem til å forsvinne i morgon og alle vil gløyme Armenia. Akkurat som det som skjedde med Afghanistan då USA trekte seg ut,» la han til, og viste til hendingar som skjedde for tre år sidan.

Ifølgje Lukasjenko vil Russland-Ukraina-konflikten til slutt ende, og normale relasjonar vil bli gjenoppretta.

«Det vil skje med tid og stunder. Høyr her, krigen mot Tyskland var òg ilter. Men vi har vore venner med desse tidlegare fascistane fram til nyleg,» sa han, og viste til Andre verdskrig. «Vi arbeidde saman. Vi fann grunnlaget for det. Kan ikkje vi gjenopprette våre gode relasjonar? Vi kjem til å gjenopprette dei.»

Derimot, dersom Kiev held fram med å eskalere ting – slik som det nylege raidet i den russiske Kursk-regionen – kan Ukraina bli fullstendig øydelagt, åtvara Lukasjenko.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget