Dénes Albert på nettstaden ReMix News rapporterer:
Europeiske nasjonar avviser krav frå den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky om å tilbakesende mannlege flyktningar i kampdyktig alder til heimlandet for å hjelpe til på frontlinja.
Zelensky appellerte til fleire EU-land om å deportere menn i militæralder heimatt for å styrke militærtala både før og etter Ukraina sin motoffensiv inn i Russland denne månaden.
Førespurnaden vart einstemmig avvist av EU-medlemsstatar.
Den ukrainske nyheitssida New Voice viste spesifikt til opposisjon frå Ungarn, Polen og Tsjekkia fordi desse landa har mangel på arbeidsfolk. I Polen og Tsjekkia, til dømes, utgjer ukrainarar opp til 30% av arbeidsstyrken innan bygg og anleggs- og transportsektorane, og dei vegrar seg for å gje slepp på denne arbeidskrafta.
«For å seie det rett ut, er mange tsjekkiske selskap avhengige av ferdigheitene og det harde arbeidet til ukrainske flyktningar. Bygg- og anleggsindustrien, til dømes, ville ha stoppa heilt opp utan ukrainske arbeidarar,» sa Tomasz Prouza, leiaren i ei gjestfridomslobbygruppe i Czechia til Bloomberg.
Ifølgje FNs flyktningbyrå er der for tida meir enn seks millionar ukrainske flyktningar i utlandet, og det er sannsynleg at ytterlegare 400 000 kjem til å forlate landet i 2024 på grunn av dei vedvarande russiske åtaka på infrastruktur i heile landet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
