Russland utpeikt som «trygg hamn» for dei som ønskjer å sleppe unna vestlege liberale verdiar

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Den russiske presidenten Vladimir Putin har utpeikt landet sitt som ei «trygg hamn» for innbyggjarar i vestlege land som ikkje lenger ønskjer å bli gjenstand for «destruktive nyliberale idear».

Eit nyleg underskrive dekret vil gjere det enkelt for  kvar ein utlending som ønskjer å erstatte vestlege liberale idear med russiske moralverdiar å få opphaldsløyve. Det lèt dei søkje om mellombels opphaldsløyve «utanfor den kvoten godkjent av den russiske regjeringa, og utan å vise dokument som bekreftar at dei har kunnskap om det russiske språket, den russiske historia og grunnleggjande lovverk» som dei som ønskjer opphaldsløyve vanlegvis må.

Ved å appellere til dei som deler «tradisjonelle russiske åndelege og moralske verdiar», opnar Putin opp for ein utveg for det veksande talet folk i tallause demokrati som er møkkaleie av liberal leiarskap og klagar over kor det har ført landet deira. Det er spesielt god timing med tanke på moglegheita for at Kamala Harris kan vinne valet i november, noko som utan tvil sender USA vidare nedover venstre-spiralen som har skadd økonomien, den nasjonale tryggleiken og moralen, og som har som mål å splitte og sensurere amerikanarar.

Tremånaders-visum som bruker den nye, raskare prosessen, er venta å bli utstada so snart som neste månad [september].

Russland har lenge prøvd å trekkje til seg desillusjonerte vestlege

Russiske styresmakter har vore ivrige etter å trekkje til seg konservative vestlege dei siste månadene og åra, og prøvd å posisjonere landet som ein stad der tradisjonelle verdiar framleis blir respekterte.

Som del av denne innsatsen, annonserte dei at dei var i ferd med å skape ein «migrantlandsby» utanfor Moskva i fjor, der konservative amerikanarar og kanadiarar kan bu. Ein migrasjonsadvokat hevda å allereie ha rundt 200 familiar som ønskte å flytte der «av ideologiske grunnar». Han la til at der var «fleire titals tusen» utlendingar utan nokon russiske røter som var interesserte i å flytte til Russland på grunn av ideologien sin.

Advokaten, Timur Beslangurov, sa: «Grunnen er propaganda av radikale verdiar: I dag har dei 70 kjønn, og kven veit kva det neste vil bli.»

Han la til at den russiske migrasjonslova gjorde dette komplisert for dei som ønskte å flytte; det nye dekretet ser ut til å vere ein respons på det.

Tidlegare i år besøkte Tucker Carlson Russland for å intervjue Vladimir Putin. Medan han var der, lovpriste han fleire aspekt i det russiske samfunnet, og la til at han opplevde det «urovekkjande» at Moskva var so mykje finare enn amerikanske byar.

(Sjå òg «Transkripsjonen av Tucker Carlson sitt intervju med Putin er no PUBLISERT», publisert 10.februar 2024, og «Tucker Carlson på handletur i Moskva: Russiske matprisar er mykje lågare enn amerikanske!», publisert 20.februar 2024.)

Putin har sett søkjelys på Vestens moralske forfall

Referansar til det moralske forfallet til Vesten har funne vegen til fleire av Putins talar dei siste åra. Under Sigersdagstalen sin i fjor, kritiserte han «vestlege globale elitar» for å øydeleggje «familie- og tradisjonsverdiane som gjer ein person menneske». Han kalla Vesten «satanisk» i 2022, og hevda at dei avviser «moralske normer» og «tradisjonelle» verdiar.

Kanskje appellerer han òg til vestlege land som uroar seg over tilstrøyminga av innvandrarar og den tilknytte auken i kriminalitet dei observerer. I 2019 sa han til Financial Times at han følte det var ei «kardinalsynd» for Tyskland å ta eit liberalt syn på innvandring frå Midtausten.

Han sa: «Den liberale ideen føreset at ingenting treng å gjerast. Innvandrarane kan drepe, plyndre og valdta utan straff fordi rettane dei har som innvandrarar må bli beskytta. Kva slags rettar er desse? Kvart brotsverk må få si straff.»

Dekretet instruerer òg Det russiske utanriksministeriet å lage ei liste over dei landa som Moskva meiner «følgjer ein destruktiv, nyliberal agenda» innan 30 dagar. Det skal bli interessant å sjå kven som hamnar på den lista, sjølv om vi allereie har ei vag formeining om det.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget