Minister åtvarar: Ungarn vil sende alle nye innvandrarar til Brüssel dersom EU ikkje lettar på sanksjonar

Dénes Albert på nettstaden ReMix News rapporterer:

Ungarn kjem til å sende nykomne innvandrarar til Brüssel for si eiga rekning dersom EU ikkje lettar på sanksjonane mot landet relatert til deira restriktive migrasjonspolitikk, åtvara kabinettminister Gergely Gulyás på torsdag [22.august 2024].

Under ein pressekonferanse skulda Gulyás Europakommisjonen for å ønskje å tvinge Ungarn til å sleppe inn innvandrarar for ein kvar pris. Ungarn har no blitt tungt bøtelagt for den same praksisen som EU-regelen om transittsoner.

Ulikt andre land får ikkje Ungarn midlar frå Brüssel for grensebeskyttelse. Det er grunnen til at regjeringa har bede justisministeren om å sjå på måtar å dekkje inn igjen delar av kostnadene gjennom juridiske handlingar mot Brüssel.

Om Brüssel ønskjer å halde fram med å påleggje Ungarn eit regelverk som gjer det umogleg å halde på innvandrarar ved den ytre grensa, kjem vi til å transportere dei til Brüssel friviljug og vederlagsfritt etter å ha følgt dei europeiske prosedyrane,» sa Gergely Gulyás, som kalla prosedyren utolererbar og urettferdig.

Han la til at Ungarn ikkje ønskjer å betale dagbøter på ubestemt tid som straff, og sender med glede innvandrarane til Brüssel for å forhandle vidare behandling av dei derfrå.

I sin juni 2024-dom bestemte Europadomstolen at Ungarn må betale ei bot på 200 millionar euro [over 2,3 milliardar kroner] for å ikkje innføre endringar i innvandrar- og asylsøkjarpolitikken sin på grensa.

«Avgjerda er skandaløs og uakseptabel,» sa statsminister Viktor Orbán på den tida i eit Facebook-innlegg.

Den ungarske regjeringa, som tidlegare har nekta å utføre domstolavgjerda, har òg blitt pålagt å betale ei dagbot på ein million euro [11,7 millionar kroner] heilt til dei innfører tiltaka heilt og fullt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget