Secret Service-agentar suspendert etter Trump-attentatet

Russia Today (RT) melder:

Det amerikanske Secret Service skal ha suspendert ein regiondirektør og fleire agentar når dei no undersøkjer det «operasjonelle nederlaget» som nesten fekk Republikanarane sin presidentkandidat Donald Trump drepen førre månad.

Trump heldt tale under eit rally i Butler, Pennsylvania, 13.juli då ein attentatmann skaut frå taket på ein bygning i nærleiken. Medan Trump berre vart sneia fordi han vendte hovudet ein annan veg i siste liten, drap skyttaren ein medlem av publikum og skadde alvorleg to andre.

Fredag [23.august 2024] rapporterte CBS News at USSS [United States Secret Service] «har suspendert fleire agentar, inkludert leiaren av feltkontoret i Pittsburgh», der dei viste til ei anonym kjelde som kjenner til saka.

Secret Service-talsmann Anthony Guglielmi avstod frå å bekrefte eller avkrefte påstanden, og sa berre at «gjennomgangen av oppdragsrisikovurderinga går framover». [engelsk «mission assurance review is progressing»].

Kort etter CBS-reportasjen publiserte Missouri-senator Josh Hawley, som er republikanar, eit brev til konstituert USSS-direktør Ronald Rowe, der han skreiv at ein varslar har kome med kontradiksjon om hans [Rowe] sitt vitnesbyrd under eid til Kongressen.

Varslaren, sa Hawley, påstod at «tenestepersonar ved hovudkvarteret til Secret Service oppmuntra dei ansvarlege agentane for turen til å ikkje be om ekstra tryggleiksressursar i sin formelle bemanningsførespurnad – noko som i praksis ikkje gav dei desse ressursane». Rowe sa derimot til Kongressen at ingen ressursar vart nekta dei.

«Denne openberre kontradiksjonen må De forklare straks,» skreiv Hawley. «Handlingane Dykkar om å suspendere enkelte feltagentar er ikkje nok.»

Ifølgje Secret Service og FBI, greidde 20 år gamle Thomas Matthew Crooks å kome seg opp på taket til ein bygning med utsikt til Trumps rally med ei rifle, og skyte minst åtte skot før han vart nøytralisert av ein USSS-motskyttar.

Kimberly Cheatle, som leia Secret Service på den tida, sa til reporterar at bygningen ikkje var ein del av tryggleiksområdet, og agentar vart ikkje plasserte på taket fordi det var for bratt til at det var trygt. Ho enda opp med å gå av ti dagar etter skyteepisoden.

FBI, som etterforskar attentatforsøket, har ikkje publisert nokon funn om Crooks eller motivasjonen hans. Kongressmann Clay Higgins, ein Louisiana-republikanar, har skulda byrået for å i praksis dekkje over skyteepisoden og øydeleggje bevis.

FBI, ifølgje Higgins, «frigjorde åstaden» etter berre tre dagar, fjerna blodet og andre «biologiske bevis» frå taket, og lét familien til Crooks kremere han 23.juli, noko som gjorde det umogleg å verifisere nokon obduksjonsresultat – som ein framleis venta på per 5.august.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget