WEF åtvarar: «Ein æra av sjokkhendingar» er på veg

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

World Economic Forum (WEF) har erklært at «alt kan skje i vår post-pandemiske æra», og åtvarar at verda må stålsetje seg for «ein æra av sjokkhendingar».

Ifølgje professor Maha Hosain Aziz ved New York universitet, vil det komande tiåret bli «forma av forhøga global risiko og uføreseielege sjokkhendingar».

I ein ny meiningsartikkel lagt ut på nettsida til WEF, påstod Aziz at «Alt kan skje i vår post-pandemiske æra», og gjekk deretter over til å liste opp tre potensielle «sjokkhendingar» som snart kan skje.

InfoWars rapporterer: Den fyrste er framveksten av ei «ny global ekstremistgruppe», som professoren hevdar kan bruke KI [kunstig intelligens] for å skape ei ny form for terrorisme.

«No når verda blir distrahert av fleire større krigar og ein leiarskap i forfall, kan dette vere ei opportunistisk tid for ei ny ekstremistgruppe å gjere inntog – og kanskje ikkje stå overfor so mange konsekvensar. Kanskje vil dei til og med bruke KI-verktøy for å setje i gang ein ny fase av terrorisme.»

Den neste potensielle «sjokkhendinga» er ein bevisst «cyber-pandemi». Aziz peiker på det nylege Crowdstrike-åtaket, som sendte datasystem ned for teljing over heile verda, som eit døme på kaoset og skaden eit storskala cyberåtak kan forårsake. Hendinga kosta åleine Fortune 500-selskap 5,4 milliardar.

«Førestill dykk at ein vond aktør gjer dette – med vilje og i ein endå større skala?»

Professor Aziz sin siste spådom er at ein liten øynasjon kan søkkje under bølgjene på grunn av klimaendring.

«COP28-planen om å fase ut fossile drivstofftypar kan ta fleire tiår, og det er uklart om verdsleiarar vil følgje opp dette. Det som er meir sannsynleg er at i mellomtida vil visse øynasjonar (som står for berre 0,3% av globale utslepp) halde fram med å kjempe saka si, om det er gjennom internasjonal lov eller nye klimamidlar. Men, dersom desse øyane ikkje blir offer for klimaendring, og søkk langt raskare enn vi forventar, korleis kjem klimaaktivistar og verdsleiarar til å reagere?»

Andre spådommar frå professor Aziz inkluderer flytting av globalmakta vekk frå USA, som er «belemra med globale krigar og innanlandske utfordringar»; at den «tilbakevendande krisa rundt politisk legitimitet» i USA og i utlandet vil bli verre; og at der vil dukke opp ei «meir kompleks global mentalhelsekrise».

I 2022 åtvara WEF-grunnleggjar Klaus Schwab at verda må førebu seg på «det skremmande scenarioet til eit omfattande cyberåtak», som vil få covid-19-pandemien til å sjå ut som ei «lita forstyrring» i samanlikning.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget