Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Bill Gates jobbar med Fauci for å utvikle eit nytt «supervirus» som kombinerer RNA frå SARS-CoV-2, mpox [apekoppar] og HIV, som vil bli i stand til å utslette det store fleirtalet av befolkninga innan kort tid.
Ifølgje biotech-analytikar Karen Kingston, skal superviruset bli gjort om til aerosol og spraya på milliardar av menneske over heile verda.
(Sjå òg «Karen Kingston i underleg video: ‘Robert Malone har gjeve CIA ordre om å drepe meg!’», publisert 15.august 2023.)
Onsdag [21.august 2024] møtte Kingston Brannon Howse for å diskutere det at US House Committee stiller spørsmål ved alliansen Biden-Harris-administrasjonen har med Det kinesiske kommunistpartiet («CCP»), og dei amerikanske biofarmasøytiske FDA-forsøka som blir utført av det kinesiske militæret.
Exposé News rapporterer: Dei følgde òg opp ein diskusjon dei hadde i juni 2022 om korleis HIV og apekoppar blir koda inn i SARS-2 mRNA-viruset og mRNA-injeksjonane.
«Det ser ut til at NIH har finansiert skapinga av eit høgst øydeleggjande immunsvikt-virus (HIV) som kan overførast via ein injeksjon, eller til og med via hud-mot-hud-kontakt under utbrot av herpes-hudsår («mpox»),» sa Kingston.
Under intervjuet sitt med Howse forklarte Kingston at NIH har delt ut fleire legat til virus- eller vaksineforsking. Med desse legata «er alt dei gjer, å prøve å finne ut: ‘Korleis kan eg ta eit virus som normalt ikkje er smittsamt (slik at det ikkje dermed ikkje kan spreie seg), korleis kan eg ta eit hud-mot-hud-kontaktvirus og lage aerosol ut av det, og korleis kan eg få heile immunforsvaret til å slutte å fungere slik at [viruset] faktisk greier å kome seg inn i menneskecellene?’,» sa ho.
Ho forklarte at amerikanske og kanadiske vitskapsfolk leverte inn eit patent på mpox i Kina. Patentet viser at «apekopp-mRNA» var koda inn som eit latent virus i SARS-CoV-2-mRNA som vart oppdaga i mRNA-injeksjonane til Pfizer og Moderna. Med andre ord vart mpox frå fleire artar brukt som eit vaksineleveringsverktøy for SARS-CoV-2.
«So dei seier at mpox er ein vaksine mot SARS-CoV-2. Det gjev inga meining,» sa ho. «Og no driv NIH og finansierer måtar å lage aerosol ut av det.»
Hjå enkelte menneske forårsakar covid-injeksjonane vaksine-erverva immunsviktsyndrom («VAIDS» [«vaksine-aids»]), som svekkjer immunforsvaret deira. Og, forklarte Kingston, fordi sekvensane for koppe-liknande virus er innbakt i mRNA-sekvensane som finst i covid-injeksjonar, har dei som utviklar VAIDS stort sannsyn for å få elveblest og andre herpesvirus-utbrot, i tillegg til herpeskreft, som blir kalla Karposis sarkom.
Merknad frå The People’s Voice: Kingston refererer til VAIDS som eit akronym for vaksine-assosiert autoimmunsjukdom eller syndrom, men refererer til tilstanden som ei svekking av immunforsvaret; dette er ein tanke forvirrande. VAIDS er anerkjent som eit akronym for vaksineerverva immunsviktsyndrom [engelsk vaccine-acquired immunodeficiency syndrome], ei vaksineindusert form for AIDS, og akronymet for vaksineassosiert autoimmunsyndrom er VAAS. VAAS blir brukt til å skildre nyoppståtte autoimmune tilstandar etter vaksinasjon; tilstandar som inkluderer immune trombocytopeniar, autoimmune leversjukdommar, Guillain-Barré-syndom, IgA-nefropati, revmatisk artritt, og systemisk lupus erythematosus.
Herpesutbrota er direkte relatert til apekopp-mRNA-et som er koda inn i mRNA-et i covid-vaksine fordi, som Kingston forklarte i intervju med Stew Peters og Maria Zeee i 2022, mpox er ymse former for herpessår slik som elveblest, herpes og til og med Kaposis sarkom.
Dei menneskelege immunsviktvirusa («HIV») er ei av årsakene til erverva immunsviktsyndrom («AIDS») og blir ikkje overført via hud-mot-hud-kontakt.
Det som er skremmande, sa Kingston, er at dei prøver å kombinere mpox, HIV og SARS-Cov2; å lage «eit virus inni eit virus; [eit] supervirus som bruker nanopartikkel-teknologi for å styrke det, slik at der kan finne stad hud-mot-hud-overføring av eit virus som liknar på HIV,» sa ho. Dette tydar at det vil bli i stand til å spreie seg på ein måte som liknar den til vasskoppar, gjennom å røre sår eller sårvæske.
«Det ser ut til at dei prøver å gjere følgjande: å inkorporere HIV-mRNA-fragment i koppevirus-familien, slik at der kan finne stad smitte mellom menneske, slik at immunforsvaret vårt blir svakare og svakare,» sa Kingston.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. The People’s Voice-artikkelen er basert på eit utdrag frå nemnde intervju. Heile intervjuet med Karen Kingston kan sjåast her.
